HRS får kritikk etter «Viking Sky»

Helse Møre og Romsdal meiner dei fekk ufullstendig informasjon om det som skjedde ute på havet under redningsaksjonen på Hustadvika i mars, fordi det blei brukt fleire kommunikasjonskanalar. Det kjem fram i ein ny evalueringsrapport. Operativ redningsinspektør Ståle Jamtli ved HRS i Sør-Noreg forstår kritikken, men seier årsakene er samansette, og at dei ikkje hadde kapasitet til å dele all informasjonen frå dei ulike sambandskanalane.

Hovudredningssentralen Sør-Norge
Foto: Gunnar Morsund / NRK