NRK Meny
Normal

Høyrer på russelåtar trass dryge tekstar

Sjølv om mange russelåtar skaper reaksjonar, så høyrer russen likevel på dei. – Viss du har klart å lage ein fengande låt så tenkjer ikkje folk over tekstane, seier Jenny.

Russejentene med bilen "Drunks of Wall Street"

RUSSELÅT: Russejentene med bilen «Drunks og Wall Street» har eigen russelåt, og dei meiner mange russelåtar er for dryge. Dei høyrer gjerne på dei likevel. Frå venstre: Helene Leithe, Martine Otterlei Røen, Malene Slinning, Lillian Marholm, og Jenny Helene Klemmetsby.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Martine Otterlei Røen og Jenny Helene Klemmetsby

FENGANDE: Martine Otterlei Røen og Jenny Helene Klemmetsby meiner mange russelåtar har fæle tekstar, men dei høyrer gjerne på dei fordi dei er fengande.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

På Akademiet vidaregåande skule i Ålesund er ei gruppe jenter klare for russetreff med russebilen deira «Drunks of Wall Street». Dei har også eigen russelåt, ei låt som er produsert av broren til ei av jentene.

– Den er inspirert av hiphop, og det går i rap. Det er litt bannord og slikt, men den handlar eigentleg meir om temaet i filmen «Wolf of Wall Street», seier Martine Otterlei Røen.

– Den er litt humoristisk, men den er berre slik fest-gøy. Den er ikkje undertrykkande mot nokon, seier Jenny Helene Klemmetsby.

Dei to jentene meiner at mange russelåtar er krenkande mot jenter, men likevel hender det at dei set dei på i bilen.

– Det blir litt dobbeltmoral, for me synst tekstane er heilt fæle og så syng me med på dei sjølv fordi me synst dei er fengande. Musikken er bra, men tekstane er så som så, seier Jenny.

– Må få lage dei låtane dei vil

Håkon Lykkebø Strand

VELJE SJØLV: Håkon Lykkebø Strand (FpU) meiner russen bør få lov til å lage russelåtane på den måten dei vil sjølv.

Foto: Nikolai Pedersen

Håkon Lykkebø Strand er fylkesformann i Møre og Romsdal FpU og er sjølv russ i år. Han meiner russen bør få lage låtane slik dei sjølv vil.

– Me prøver å slå eit slag for ytringsfridomen og meiner at russ bør få ha akkurat dei låtane dei vil. Så kan det hende at folk som har valt å lage ei slik russelåt kanskje vil angre seinare i livet, seier Håkon.

Mange tekstar er seksuelt krenkande, er det greitt?

– Eg meiner det er feil å gå rundt og seie slike ting, men eg vil ikkje sette foten ned for folk som gjer det, seier Håkon.

– Me vil ikkje setje noko ramme for korleis ein skal oppføre seg som russ. Det er noko ein må velje sjølv. Ein skal ha det gøy og nyte livet, det er det russetida handlar om.

– Burde ha nok respekt

Tone Hafsås

USMAKELEG: Tone Hafsås (AUF) meiner russen burde ha nok respekt for andre til å ikkje lage russelåtar som kan krenke andre.

Foto: Privat

Tone Hafsås i AUF Ålesund er også russ, og er som mange andre på veg til russetreff i helga. Ho reagerer på at russelåtar er kjønnsdiskriminerande.

– Eg synst det er usmakeleg, men det er deira sak om nokon har lyst å skrive slike tekstar. Då må det også vera greitt at folk reagerer på det, og at folk viser at dei ikkje synst det er heilt greitt, seier Tone.

– Sjølvsagt må folk få lage russelåt om det dei vil, men me synst det er dumt om slike haldningar blir sett på som OK i samfunnet, seier ho.

Ho meiner at russelåtar gjerne kan handle om festing og at ein har gleda seg til russetida, men seier at seier at låtar som handlar om at det er greitt å ha sex med nokon som er for fulle ikkje er greitt.

– Viss nokon absolutt har lyst til å lage slike låtar, så er det ingen som kan stoppe dei, men dei burde rett og slett ha nok respekt for andre til å la vera.