Hopp til innhold

Høyrde eksplosjon rett før naboen blei funnen død

Anne-Lise With i Ålesund seier ho høyrde ein voldsom eksplosjon like før naboen blei funnen død tysdag ettermiddag.

Anne - Lise With

Anne-Lise With seier ho høyrde ein voldsom smell rett før brannen blei oppdaga i Spjelkavik i Ålesund tysdag ettermiddag.

Foto: Brede Røsjø / NRK

Anne-Lise With var heime i firemannsbustaden sin i området Øvre Holen i Ålesund tysdag ettermiddag, då ho høyrde eit smell utanfor huset.

- Det var forferdeleg, smellet var som ein voldsom eksplosjon. Eg gjekk ut for å sjekke og høyrde brannalarmen frå naboen, seier With.

Les også:

Møtte av svart røyk

Saman med ein nabo gjekk ho inn i den ulåste døra til naboleiligheita, men blei møtt av svart røyk.

- Då kom den svarte røyken mot oss, så vi måtte berre gje oss, seier With. Det var då kome fleire naboar til, og både brannvesen og politi kom raskt til staden.

- Grusomt

Fleire av naboane var tysdag ettermiddag skrekkslagne vitne til at det fredelege bustadområdet blei invadert av politi og brannvesen.

- Det som har skjedd er forferdeleg, det er heilt grusomt. Alle tenkjer det same: at dette kan skje. Og ingen veit i grunn kva som har skjedd, vi må berre vente, seier With.

Ho er tysdag kveld evakuert frå leiligheita si, og er hos ein nabo.