Høyball datt av hengar og trefte bil

Politiet etterlyser no ein bilførar etter at ein høyball datt av ein tilhengaren og trefte bilen bak.

Det var like etter klokka 19.00 søndag kveld at Innfjordtunnelen på strekninga mellom Vestnes og Åndalsnes måtte stenge på grunn av eit trafikkuhell. Alle naudetatane rykte ut til tunnelen.

– Ein høyball datt av ein bilhengar og trefte bilen som kom bak. Ingen personar blei skadd i uhellet, men bilen fekk materielle skader, seier Rolf Anders Korstad, operasjonsleiar for politiet.

Bilfører kunne sjølv køyrde den skadde bilen ut av tunnelen, og den blei opna igjen etter kort tid.

Etterlyser bilførar

Politiet etterlyser no bilføraren som drog hengaren.

– Vi ber om at føraren som drog hengaren melder seg på 02800, seier Korstad.

Siste video/lyd

- Overlever eg dette skal eg lage ein stor støttekonsert til kreftavdelinga. Det sa dirigent Svein Eiksund til legane ved Volda sjukehus etter at han for halvanna år sidan fekk konstatert ein kreftsvulst på 10 centimeter. No er han frisk og har planane klare
 Landets nyeste Pusterom for kreftpasienter opna i Kristiansund i dag. Målet er å gi pasientane eit fristed frå sjukehuset - innanfor sjukehusets veggar.
Vi skal treffe ei jente som har vald å ta utdanning til eit litt uvanleg yrke. Ho er den einaste i vårt fylke i år. Ho e ei ganske tøff jente som trives best ute i det fri.