I fem år har Janita Blomvik frå Sunnmøre reist landet rundt og hjelpt Securitas-vektarar i arbeidsspørsmål. Ho har jobba full tid i vervet som hovudtillitsvald.
No er Blomvik tvungen til å byte arbeidsgivar og arbeidsoppgåver.
Securitas tapte anbodskonkurransen om tryggleikskontroll på flyplassane. Dermed måtte nær 650 vektarar byte arbeidsgivar, frå Securitas til Nokas. Det gjeld også Blomvik, som no må tilbake til sin gamle jobb som flyplasskontrollør på Vigra. Ei stilling ho ikkje har hatt sidan 2015.
Det går ho ikkje med på. Ho meiner at ho burde ha fått halde fram som hovudtillitsvald for dei 2000 medlemmane som er att i Securitas.
Går til rettssak
No hamnar den spesielle konflikten i retten. Arbeidsmandforbundet krev at oppseiinga av Blomvik blir kjent ugyldig. Også hovudverneombodet i Securitas er i same situasjon som Blomvik.
Professor i arbeidsrett, Johann Mulder ved Universitetet i Oslo, kjenner ikkje til liknande konfliktar verken i Noreg eller Sverige.
Ifølgje arbeidsmiljølova kan ikkje tilsette sjølve velje om dei vil bli igjen på sin gamle arbeidsplass eller ikkje. Seier ein nei til å gå til den nye arbeidsgivaren, risikerer ein å miste jobben.
– Dei tilsette har likevel eit visst vern for å behalde sine tillitsvalde, seier Mulder. Spørsmålet er altså om Blomvik burde ha fått halde fram i Securitas i kraft av å vere hovudtillitsvald.
Mulder kjenner ikkje saka anna enn frå media og meiner det blir spanande å sjå kva retten kjem fram til.
Fekk sjokk
Blomvik blei sjokkert då ho fekk vite at ho er oppsagt frå Securitas og flytta over til Nokas på Ålesund lufthavn Vigra.
– Eg har ikkje jobba på flyplassen på fem år. Eg har ingen turnus der, seier Blomvik. Det var bladet Fri Fagbevegelse som først omtalte saka.
Blomvik meiner at dette i realiteten betyr at ho står utan jobb. Ho er ikkje lenger godkjent som tryggleikskontrollør. Då treng ho ny opplæring og praksis.
Ho trur grunnen til at ho ikkje lenger får vere i Securitas er at fagforeinga har blitt for sterk og dominerande, og at arbeidsgivaren brukar verksemdoverdraginga for å bli kvitt henne.
– Eg er ganske tydeleg. Eg er nok for slitsam. Vi køyrer ein del saker og vinn dei fleste, seier Blomvik.
Dersom Securitas vinn fram meiner Blomvik det er katastrofalt for fagforeiningsarbeidet. Framover kan folk bli redde for å seie frå om kritikkverdige forhold i frykt for å miste jobben.
Behandle alle likt
Marknadssjef i Securitas, Eldrid Olden Otterlei, seier at alle dei nær 650 tilsette som har arbeidskontrakt på lokasjonane der Nokas overtar, er omfatta av verksemdoverdraginga.
– Det har vore viktig for oss å behandle alle likt. Prosessen er fullt og heilt gjennomført i tråd med arbeidsmiljølova, svarar Otterlei i ein e-post. Sidan Securitas har blitt stemna av Blomvik vil dei ikkje kommentere saka ytterlegare før rettssaka startar.