Ønskjer å bidra til opprykk
I avtalen er det eit mindre beløp i førstedivisjon enn i Tippeligaen, men administrerande direktør Olav Arne Fiskerstrand utelukkar ikkje at avtalen blir reforhandla.
- Ja, vi kan gjerne sjå på kva vi kan bidra med positivt for at laget kjem seg opp att i tippeligaen, for det ønskjer vi virkeleg, seier Fiskarstrand.
Fiskerstrand held difor døra open for meir støtte for å sikre at Ålesund rykker opp att i neste sesong.
Avgjerande
Pengar er ein vesentleg del av fotballen og styreleiar i AaFk, Arne Aambakk er difor svært glad for signala frå hovudsponsoren.
Denne støtta er heilt avgjerande for at klubben skal rykke opp igjen neste sesong, seier Aambakk
Engasjement
Olav Arne Fiskerstrand. Foto: Sparebanken Møre
AaFk har fått fram fotballengasjementet i byen og det betyr mykje å ha eit eliteserielag, meiner Olav Arne Fiskarstrand.
- Vi har vel fått erfare det i år med fulle hus i kvar kamp, seier Fiskarstrand.