Hopp til innhold

Even Hovland vil både score og knuse gamleklubben

Det blei ein seig julimånad for Even Hovland og Molde, spesielt i Tippeligaen. No må klubben ha tre poeng mot gamleklubben til Hovland, Sogndal, for å henge med.

Vaimen Even Hovland og Molde-manager Ole Gunnar Solskjær.

Even Hovland blei henta til Molde i fjor vinter. No er han fast i midtforsvaret saman med Vegard Forren. Her er han saman med Molde-trenar Ole Gunnar Solskjær.

Foto: Øystein Fossum

Even Hovland og Ulrik Flo

Her er Even Hovland (i blått) i kamp for Molde mot Sogndal. Sogndal-spiss Ulrik Flo er mannen som kjempar innbite mot sin tidlegare lagkamerat.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Vi må berre gå ut i hundre og ta dei. Vi tapte mot dei sist, så no må vi revansjere tapet.

Det seier Molde-midtstoppar Even Hovland til Molde si heimeside.

Den 23 år gamle mannen, frå Vadheim i Sogn og Fjordane, har no sju månader bak seg i midtforsvaret til regjerande seriemeister Molde.

– Det har vore ei god oppleving frå dag éin. Eg har kome meg meir og meir inn i laget, og vi spelar betre og betre på bana.

– Så det heile er utruleg kjekt, fortel Hovland.

Even Hovland

Her er Even Hovland for Sogndal i kvitt, mot Molde.

Foto: Yttri, Tor / Scanpix

Er med i alt, men resultata er dårlege

Molde er med i både Champions League-kvalifisering og NM, i tillegg til serien.

I Champions League blei det 3-0-siger og uavgjort 1–1 mot Ventspils, medan det blei tap 1–0 mot Basel på onsdag denne veka.

Juli månad enda elendig i Tippeligaen. To tap, éin uavgjort og éin siger er fasit på fire kampar.

I augneblinken ligg Molde heile seks poeng bak serieleiar Strømsgodset – som har 38 poeng. Like bak følgjer Rosenborg med 30 poeng.

– På tide med ny scoring

Dermed må Molde ha tre poeng for å halde følgje.

– Siger er det einaste som er godt nok i denne kampen. Vi skal ta tre poeng heime mot Sogndal, slår Hovland fast.

Sjølv håper han på scoring mot gamleklubben.

– Det er lenge sidan sist eg scora no. Det var vel mot Tromsø, nikkar Hovland.

– No er det på tide med ei ny scoring. Det spelar inga rolle at det er Sogndal. Det er måla og poenga som tel, og eg satsar på at vi tek dei, avsluttar den tidlegare Sogndal-spelaren.

Tidlegare i sesongen enda det 2–1 i Sogndal, der dei kvit/svarte snudde frå 0–1 til 2–1. Likevel; Sogndal har aldri vunne i Molde.

I kampen, som startar 20.00 laurdag, må Molde klare seg utan Magnus Wollf Eikrem på grunn av gule kort. Ulrik Flo må stå over for Sogndal.

Endring i ferjerutene

Ferjerute 33 Molde – Vestnes: I forbindelse med kveldens fotballkamp mot Sogndal blir den ordinære avgangen frå Molde klokka 21.45 utsett til klokka 22.05.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL