NRK Meny

Hovdenak truleg ny rådmann

Toril Hovdenak frå Skåla er innstilt som ny rådmann i Rauma. Innstillinga blir behandla i kommunestyret 14.mars. Hovdenak er i dag administrerande direktør i Bussbygg AS, og har tidlegare vore varaordførar i Molde i åtte år. Ho er utdanna siviløkonom og har erfaring frå ulike økonomistillingar i fylkeskommunen.

Toril Hovdenak
Foto: Gunnar Sandvik / NRK