Fryktar at han taper pengar på å opne hotellet

Han driv eit lite hotell i Geiranger og fryktar priskrig i kampen for å kapre norske gjestar i sommar. Det kan bli eit tapsprosjekt.

Aleksander Grande ved Grande Fjord hotel

Aleksander Grande tok over som hotellsjef for fire år sidan. No er han usikker på om det løner seg å opne hotellet, dersom det blir få gjestar.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Ved fjorden i eitt av landets mest besøkte reisemål, Geiranger, ligg eit lite hotell med 46 rom. Grande Fjord Hotel har satsa på kjøpesterke turistar frå Asia og USA som er villige til å betale ekstra for service og lokale råvarer i restauranten. I høgsesongen kan eit rom med utsikt koste 4000 kroner natta. I månadsvis har eigarane pussa opp fjordhotellet og gledd seg til opning.

No er hotellsjef Aleksander Grande (25) usikker på om det løner seg å opne hotellet denne sesongen. Styresmaktene har oppmoda om noregsferie i år, men Grande trur kampen om dei norske turistane blir tøff.

– Vi sit på gjerdet og ser an situasjonen. Vi reknar på om det vil løne seg å opne hotellet. Uansett kor mange som kjem, må vi jo ha kokkar, nattevakt, reinhaldarar og resepsjonist, seier Grande.

Aleksander Grande ved Grande Fjord Hotel

Utanlandske gjestar er villige til å betale høg pris for eit rom med balkong og utsikt.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Fryktar priskrig

Sjølv har han problem med å forstå korleis vesle Geiranger skal klare å fylle sine fire hotell med norske gjestar, sidan dei også konkurrerer med hytter og campingplassar. Han er redd at det på landsbasis skal bli ein priskrig for å kapre dei norske turistane.

– Dersom alle hotella skal selje billegast mogleg, får vi eit problem, seier Grande. Han meiner fjordhotellet sin styrke er service og han ynskjer å halde ein høg standard.

– Gjestane skal ha ei god oppleving og få lyst å kome tilbake. Vi vil ikkje selje sjela vår, seier Grande.

Monja og Sindre Mjela ved Hotell Union Geiranger

Monja og Sindre Mjelva driv Union Hotell i Geiranger. Dei har permittert alle tilsette og håper dei snart får opne hotellet att.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Tør ikkje bestille

Nokre kilometer unna skulle 197 rom ved Hotel Union Geiranger vore fulle med konferansedeltakarar i dag. I staden er lyset sløkt og varmen skrudd ned.

– Det siste vi må gjere no er å starte ein priskrig. Vi må halde på prisane, produkta og kvaliteten vår, seier Monja Mjelva. Ho driv hotellet saman med ektemannen Sindre Mjelva.

Verdsarvbygda Geiranger har eit yrande folkeliv med om lag 700.000 besøkande i året. I sommar er det høgst usikkert kor mange som kjem.

Folkerikt på kaia i Geiranger

Slik brukar det å sjå ut på kaia i Geiranger midt på sommaren når det er mest turistar.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Mjelva veit at mange hotell no tel på knappane om det løner seg å opne i juni. Sidan reiserestriksjonane framleis gjeld, tør ikkje folk å bestille rom til sommaren. Dermed aner hotella ikkje kor mange som kjem. Hotella vil vere sikre på at ein får så mange besøkande at det forsvarar kostnadene.

Det er også usikkert om hotella får eigne smittevernreglar i sommar, med krav om færre gjestar.

– Smittevernreglane gjer det meir arbeidskrevjande enn vanleg, seier Sindre Mjelva.

Dei kjem til å opne hotellet i sommar, men meiner det hastar å få signal frå styresmaktene om korleis det skal gjerast.

Kristin Krohn Devold, NHO Reiseliv

Kristin Krohn Devold i NHO reiseliv seier at situasjonen er desperat for mange hotell no.

Foto: Per Sollerman

– Små opplevast tryggare

Nesten halvparten av overnattingsstadane i landet fryktar at dei skal gå konkurs, viser ei ny medlemsundersøking frå NHO Reiseliv. Administrerande direktør, Kristin Krohn Devold, seier at situasjonen er desperat for mange hotell. Likevel kan det vere dei minste hotella som kjem best ut når nordmenn skal på tur.

– Mange kundar opplever frykt for større stader, og psykologien kan favorisere små bedrifter framfor store, seier Devold. Ho håper at både store og små hotell kan komme tilbake til så normal drift som mogleg i sommer.

Folketomt i Geiranger 22. april 2020

Det er høgst uvanleg med tom gate i Geiranger no. Dei første turistane brukar å vere på plass i april.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK