Hotell sparer på sjølvbetjening

Sunndalsøra hotell har gjort seg sjølvbetente for å tilpasse seg koronakrisa og følgene av den. Hotellet gjekk konkurs i haust, og har merka nedgangen i gjestar til Hydro, som dei er svært avhengige av. No har dei sett opp nytt bookingsystem og kodelåsar, samtidig som talet på tilsette er halvert. Hotelleigar Tollak Skogland seier dei sparer to millionar kroner årleg på omlegginga.

Tollak Skogland
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK