NRK Meny

Hotell og tun er freda

Riksantikvaren har freda Sjøholt hotell og Mølltunet i Geiranger. Hotellet i Ørskog kommune er eit godt bevart døme på eit turisthotell i sveitserstil, oppført i 1903-1904, skriv Riksantikvaren i ei pressemelding. Om Mølltunet i Stranda kommune står det at det er det best bevarte klyngetunet på Sunnmøre. Tunet har bygningar frå midten av 1700-talet og fram til 1905.

Sjøholt hotell
Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK