NRK Meny
Normal

– Ingen hugsar andreplassen

Svært mykje står på spel når Molde tek imot Rosenborg til «gullkamp» på Aker Stadion søndag. – Veldig stor forskjell på 1. og 2. plass, seier Magne Hoseth.

Magne Hoseth

Magne Hoseth har spelt mange rivaloppgjer mot Rosenborg. Her i aksjon mot Rosenborg i 4. runde-kampen i årets NM. Der scora Hoseth 3-2-målet for Molde, i kampen der sluttresultatet blei 4–3.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

I 2002, på slutten av Rosenborg-æraen, tok Molde sitt sjette seriesølv.

Molde enda til slutt seks poeng bak Rosenborg, som vann Tippeligaen med 56 poeng.

På hausten møttest laga til toppkamp i Molde. Resultatet blei 1-2, RBK trakk det lengste strået i «sekspoengskampen».

Med Molde-siger kunne eit seriegull enda i Molde ni år før.

Magne Hoseth

Her har Magne Hoseth nettopp scora 3–2 mot Rosenborg i 4. runde av NM. Når laga møtest søndag må Hoseth sjå kampen frå sidelinja.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Hoseth vil til topps

– Vi har spelt ein del sinnssjukt viktige kampar mot Rosenborg tidlegare.

– Kampar som har bikka slik at vi ikkje har tatt gull. Men den viktigaste kampen er den neste, meiner Molde-veteran Magne Hoseth.

Den neste blir spelt søndag klokka 19.00 i Molde. Med fire serierundar igjen har både Molde, Rosenborg og Strømsgodset 52 poeng. Godset har derimot éin kamp meir spelt, etter at dei fredag slo Haugesund 3–2 på bortebane.

Dermed forstår alle at ein siger i Molde kan bli det same som seriegull.

– Det er ein kjempeviktig kamp. Om kampen om seriegullet ikkje blir avgjort, så har i alle fall vinnaren eit godt grep om førsteplassen, slår Hoseth fast.

– Stor forskjell

Hoseth sjølv må sjå kampen frå sidelinja, etter eit mindre inngrep i kneet. I ein så viktig og avgjerande kamp ville 32-åringen helst ha spelt.

– Kor stor forskjell er det på 1. og 2. plass?

– Veldig stor. Alle hugsar kven som vinn gullet, men ingen hugsar andreplassen.

I veka spelte både Molde og Rosenborg Europaliga. RBK tapte 2–1 på heimebane mot ukrainske Metalis Kharkiv, medan Molde tapte 2–0 borte mot Steaua Bucuresti.

– Er seriegull spesielt viktig med tanke på spel i Europa?

Vil gjenskape årets sesong

– Utvilsamt. Det er heilt pakka, seier Molde-veteranen til NRK.no.

Då Molde tapte i Romania torsdag stilte laget med flust av spelarar under 20 år. Hoseth debuterte sjølv i ung alder.

– 49.000 menneske inne på ein ny stadion. Det er ei oppleving for livet. No skal vi vinne serien, for vi håper vi kan gjenskape sesongar som denne. Vi vil ut i Europa, avsluttar Hoseth.