Med i troppen
I følge trenar for MFK, Odd Berg, blir Hoseth uansett med i troppen som skal til Trondheim i morgon.
Berg seier at Hoseth trenar styrke og får massasje og ultralyd i dag og at testane av foten ser bra ut.

Daniel Berg Hestad
Eit klassisk oppgjer
Oppgjeret mellom Molde og Rosenborg er ein klassikar, og Molde-kaptein Daniel Berg Hestad ser fram til kampen mot erkerival Rosenborg i morgon.
Kampen går på Lerkendal og Hestad gler seg til kampen mot serieleiaren som ingen har klart å slå hittil i tippeligaen.
Molde har vore ein god nummer to bak Rosenborg i serien fleire gongar dei siste åra.
Både i fjor og i 1998 og -99 tok laget sølv i tippeligaen.
No ligg dei på ein niande plass på tabellen.
Den dårlege plasseringa, langt bak Rosenborg, gjer ikkje at Moldelaget får meir respekt for rivalen, seier Berg Hestad, men akkurat no blir ikkje dette ein kamp om teten i tippeligaen.

Åge Hareide.
Møte med den gamle trenaren
Åge Hareide er inne i sin første sesong som trenar for Rosenborg. Han slutta som Molde-trenar i 1997 og no er det berre fire spelarar som er igjen frå hans tid.
Berg Hestad er ein av dei, men seier han ikkje har kome med tips til laget om kva ein kan forvente av Rosenborg under den nye trenaren.