Hopp til innhold

Hørselshemma vil ha meir tekst og mindre tale

Nærare ein million nordmenn har vanskar med å oppfatte beskjedar om bord på tog, buss, båt og fly. Hørselshemmedes Landsforbund fryktar liv kan gå tapt i når informasjonen ikkje blir oppfatta.

Hørsel

Visuelle informasjonsskjermar på buss, tog og fly er førehandsprogrammert, og gir ikkje informasjon i nød- og evakueringssituasjonar. Folk med høyrselshemming får dermed ikkje dei viktige beskjedane.

Foto: Håvard Jangaard Strand / NRK

Ingvild Wilson Skjong har vore døv heile livet, og har opplevd fleire tilfelle der det å ikkje kunne høyre har skapt usikre situasjonar. For nokre år sidan var ho på flytur, men kunne ikkje høyre kva piloten informerte om over høgtalarane.

Ingvild Wilson Skjong

Ingvild Wilson Skjong har hatt fleire opplevingar der mangel på universell utforming under reise, har skapt frustrasjon.

Foto: Privat

– Det var ein del turbulens på flyet. Kabinpersonalet måtte sette seg ned, og situasjonen var uklar. Etter 30 minutt landa flyet endeleg. Då eg kikka ut vindauget var vi plutseleg på ein heilt annan flyplass enn der vi skulle lande, fortel Skjong.

Ho skulle ønske fleire gav viktige beskjedar og nødmeldingar skriftleg i tillegg til munnleg.

– Fleire flyselskap har for eksempel skjermar i seteryggen. Det hadde ikkje kosta så mykje å gjere meir ut av det. Som for eksempel «beskjed, det kjem turbulens».

Meir universell utforming

Generalsekretær i Hørselshemmedes Landsforbund (HLF) Anders Hegre, meiner manglande tilrettelegging for høyrslehemma kan få alvorlege konsekvensar.

– I ein naud- eller evakueringssituasjon kan det stå om liv dersom ein ikkje oppfattar dei viktige beskjedane, seier Hegre.

Anders Hegre

Generalsekretær i Hørselshemmedes Landsforbund Anders Hegre, meiner det kan stå mellom liv og død å få dei viktige beskjedane eller ikkje.

Foto: Gøril Furu / NRK

Innan 2020 vil rundt ein million nordmenn ha ei form for høyrselshemming, fortel HLF. Dei meiner løysinga er teknologi som overfører tale til tekst.

– Dette har vi etterspurt i mange år. Informasjon kan bli gitt over høgtalar, og samtidig visast som tekst på ein skjerm. Vi ser stadig meir av dette, men styremaktene er ikkje i mål, seier Hegre.

På rett spor

Helge Orten (H), leiar for transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, ser det er eit behov for at viktig informasjon blir meir tilgjengeleg for alle.

Leder av transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, Helge Orten (H) i førerløs buss på Kbg

Helge Orten (H) er leiar for transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget

Foto: Svein Ommundsen / NRK

– Universell utforming bør vere eit sjølvsagt krav ved fornying av utstyr eller køyretøy. Offentlege styremakter må ta omsyn til at alle skal kunne få med seg viktig informasjon. Det bør vere eit krav når det vert tildelt konsesjonar og ved innkjøp av transporttenester, seier Orten.

Han meiner likevel at utviklinga går rett veg og at fleire transportmiddel har blitt flinkare til å ha tilgjengelege informasjonsskjermar.

Tekst kan vere avgjerande

Anders Hegre i HLF viser til tal frå Helsepolitisk barometer at 79 prosent av befolkninga heller vil ha reiseinformasjon via tekstskjermar, enn via høgtalarar.

– Visuell informasjon er lett tilgjengeleg på stasjonen. Men det er lite på sjølve toget, bussen, ferja eller flyet. I tillegg er det meste førehandsprogrammert, og meint som orientering. Det finst ikkje visuell informasjon i forhold til naudsituasjonar eller evakuering. Det er for dårleg, seier Hegre.