NRK Meny
Normal

Hornindal kan bli ein del av Sunnmøre

Den komande kommunereforma kan få folk i Hornindal i Sogn og Fjordane til å sjå til Sunnmøre.

Grodås

Administrasjonssenteret Grodås kan bli del av ei storkommune som omfattar både Sunnmøre og andre kommunar i Nordfjord.

Foto: Trond Vestre / NRK

Hornindal har vore ei eiga kommune sidan 1977. Men den nye regjeringa har varsla ei kommunereform som vil kunne bety store forandringar. Hornindal kan bli slått saman med andre kommunar i Nordfjord eller på Sunnmøre.

På grunn av Kvivsvegen

Idar Nygård

Fungerande ordførar i Hornindal kommune Idar Nygård (V) ser nordover i spørsmålet om kommunesamanslåing.

Foto: Trond Vestre / NRK

Kvivsvegen gjer at det no er aktuelt å sjå til Sunnmøre. Kvivsvegen som vart opna hausten 2012, gjer at Volda berre ligg ein halvtimes køyretur unna. Det opnar for nye moglegheiter. Å sjå til Sunnmøre er i høgaste grad aktuelt, seier fungerande ordførar Idar Nygård.

– Ja, så absolutt. Vi tenkjer like mykje nordover som andre vegar når det gjeld kommunesamanslåing, seier han.

Politikarane i Hornindal har ikkje teke stilling til spørsmålet om kva dei skal velje når kommunereforma kjem, men diskusjonane er allereie godt i gong.

– Vi ser det slik at Hornindal, Stryn, eventuelt Eid, Ørsta, Volda og delar av Stranda er eit heilt naturleg val så sant fylkesgrensa forsvinn, seier han vidare.

Dei beste alternativa

Bottolv Grodås

Bottolv Grodås trur politikarane ser om seg etter det beste alternativet for kommunesamanslåing.

Foto: Trond Vestre / NRK

På bensinstasjonen på Grodås møter NRK Bottolv Grodås. Han er einig i at Ørsta og Volda er meir interessant no som Kvivsvegen er open, men legg til at det er viktig å vurdere alle alternativ nøye.

– Det vert vel litt sånn som med kvinnfolk – vi leitar etter dei beste heile tida, seier han.

– Kva er det beste då?

– Nei, det er det ingen som veit, avsluttar Grodås.