NRK Meny
Normal

Hoppstjerne opna hoppbakke på Haramsøy

Hoppesset Anette Sagen blei snytt for opningshoppet i Holmenkollen for fire år sidan. Søndag tok ho revansj på ei lita øy utanfor Sunnmøre.

Anette Sagen hoppar i hoppbakken på Haramsøya

Anette Sagen tar opningshoppet i den nye hoppbakken på Haramsøya.

Foto: Magne Åkre

Ungar framføre den nye hoppbakken på Haramsøya

Den nye hoppbakken vert godt tatt imot av dei yngste på Haramsøya.

Foto: Håkon Akselsen

Det var den velmeritterte hopparen Anette Sagen som fekk æra av å opne hoppbakken på Haramsøya på Sunnmøre søndag med om lag 300 frammøtte.

– Det er vel ikkje det beste skihoppet eg har gjort i mitt liv, og eg hoppa kanskje mellom fem og åtte meter. Eg har ikkje hoppa på lenge, så eg var veldig spent, seier Anette Sagen.

Etter hoppet hennar var bakken open for at alle kunne få prøve, og både ungar og vaksne sette utfor.

– Det er kjempeflott dei har fått ein hoppbakke her, og det har vore ein fantastisk dag. Det er mange som har prøvd bakken, så eg håpar dei brukar den framover. Det er god trening, seier Sagen.

– Ville gje henne ein sjanse

Kenneth Ulla og Anette Sagen

Kenneth Ulla saman med Anette Sagen som tok opningshoppet i Hølmenkollen.

Foto: Håkon Akselsen

Initiativtakarane bak hoppbakken sto også bak ideen om å invitere Sagen til opninga av hoppbakken på øya med om lag 400 innbyggjarar.

– Ho blei snytt for opningshoppet i Holmenkollen, så då ville me gi ho sjansen til å hoppe i Hølmenkollen, seier Kenneth Ulla i samarbeidsorganet Folkehelseområdet på Haramsøya.

Han medgir at det kanskje er litt spesielt å opne hoppbakke på ei lita øy i havgapet.

– Det er nok ikkje den første plassen du hadde plassert ein hoppbakke, seier Kenneth Ulla i samarbeidsorganet Folkehelseområdet på Haramsøy.

– Me har vore ute etter aktivitetar som ikkje finst her frå før, som kan skape entusiasme og aktivitet, og då me kom over hoppbakken tenkte me at det måtte me ha, legg han til.

Saka held fram under bilete.

Ny hoppbakke på Haramsøya

Mange ville prøve den nye hoppbakken.

Foto: Håkon Akselsen

Trygg bakke

Hoppbakken har fått namnet Hølmenkollen og er ein heilårsbakke, så hopparane er ikkje avhengig av snø for å trene på hoppstilen.

Bakken er ein del av Norges Skiforbund si rekruttering, og er åtte meter. Ski, sko, og hjelm er tilgjengeleg for alle som hoppe.

Kenneth Ulla framføre den nye hoppbakken på Haramsøya

Kenneth Ulla håpar hoppbakken kan gjere Nordøyane til ein betre plass å bu.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

– Den er laga slik at det skal vera trygt å hoppe, og du er aldri veldig høgt over bakken, seier Ulla og fortel at bakken er ein del av fleire tiltak som han håpar skal gjere Nordøyane til ein betre plass å bu.

I tillegg til frisbeegolf, og utesjakk, benkar, bord, og klatrestativ, så kan barn og vaksne no prøve seg på forskjellige aktivitetar.

– Me opnar ein slags utandørs treningspark med sykkelløype, skiløype, og litt forskjellige andre ting, seier Ulla.

– Variert stil på hoppa

Og trening blir det truleg framover, for ifølgje Kenneth Ulla var det variert stil på hoppa.

– Det var gode stilkarakterar, men også veldig forskjellige, seier Ulla muntert.

Opning hoppbakke Haramsøya

Det var rundt 300 som møtte opp på opninga av hoppbakken på Haramsøya.

Foto: Håkon Akselsen