Hopp til innhold

Hoppmiljøet vil finne årsakene til ulykkene

Hoppveteran Tom Erik Heimen er overraska over basehoppulykka i Eikesdalen i Nesset i helga.

Tom Erik Heimen

– Om det er kjente eller ukjente så blir hoppmiljøet prega når dødsulykker skjer, seier Tom Erik Heimen.

Foto: Cato Nordbakk

– Dette er i utgangspunktet ein trygg og god plass å hoppe, seier Heimen, og at det skjedde ei ulykke der kom som ei overrasking på mange.

Ulykka ved Hårstadnebba i Sunndal i går ønskjer han ikkje å seie så mykje om, sidan han veit lite om kva som har skjedd der.

– Men dette er eit meir komplekst fjellmassiv.

Redninsaksjon etter basehopper Hårstadnebba

Tom Erik Heimen meiner Hårstadnebba er eit meir komplekst fjell å hoppe i enn Trollveggen,

Foto: Gjermund Svinsås

Han samanliknar med Trollveggen, som han meiner det kanskje er den tryggaste plassen å hoppe. Men her er det framleis forbod.

– Det har ikkje noko samanheng med ulykkene som har skjedd no, men forbodet i Trollveggen er ei lov som har gått ut på dato, meiner Heimen.

Den røynde hopparen vedgår likevel at Trollveggen, til liks med Hårstadnebba, er ein kompleks stad å drive redningsarbeid.

Etterforskar ulykkene

Når ulykker som i Nesset og Sunndal skjer, pregar det heile hoppmiljøet. Men dei prøvar og å gjere noko med det.

Basehoppar funnen død i Nesset

Søndag omkom ein amerikansk basehoppar etter eit hopp i Eikesdalen i Nesset.

Foto: Ann Kristin Vike

– Vi prøver å finne årsakene til kvifor ulykkene har skjedd. Alt frå å sjekke om det har vore noko feil på utstyret, og å sjekke bakgrunn og erfaringa til hopparen. Så gjeld det å spre kunnskapen til resten av miljøet for å unngå at liknande skjer igjen.

Heimen fortel at dette gjerne skjer i samarbeid med politiet, redningsgrupper og ikkje minst den eller dei som har hoppa saman med den forulykka.

Førebuing er stikkordet

Storslagen natur og vakre fjell gjer at mange utanlandske hopparar gjerne kjem til Noreg.

– Mi oppmoding til dei som kjem hit for å hoppe er at dei tar kontakt med lokale hopparar og fjellfolk for å finne ut meir om ver og vind, og forholda i fjellet elles. Og dei fleste gjer det, seier Heimen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL