Hopp til innhold

Hoppa opp på bilar i fart

To gonger i Molde i natt: Folk hoppa opp på panseret på passerande bilar.

Politi

Politiet i Molde fekk to meldingar natt til søndag om folk som hoppa opp på forbipasserande bilar.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Klokka 02 natt til søndag fekk politiet melding om ein mann i Storgata i Molde sentrum som hadde hoppa opp på panseret til ein passerande bil. Mannen var i 30-åra, busett i Molde.

Sprikande forklaringar

Det kom sprikande forklaringar på kva som hadde skjedd. Det var skadar på panseret. Det var bilføraren som varsla politiet, og politiet veit kven som var gjerningsmann.

Og som om ikkje det var nok, fekk politiet ei liknande melding klokka 03.20. Då var det ein mann i tjueåra frå Fræna som var i aksjon på Reknes. Han vedgjekk kva han hadde gjort, og vil gjere opp for seg.

Skadeverk

– Dette er jo skadeverk, så dei får nok ein straffereaksjon, seier operasjonsleiar Jan Helge Kjøl i Nordmøre og Romsdal politidistrikt til NRK Møre og Romsdal.

Politiet ser på dei to hendingane som to enkeltståande tilfelle, og at det ikkje er nokon samanheng mellom dei to episodane med panserhopping.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL