NRK Meny

Hoppa frå ferja – utløyste stor leiteaksjon

Mannen ville ikkje vere med ferja frå Molde likevel, så han klatra over lemmen og hoppa i sjøen då ho la frå kai.

Laster kart, vennligst vent...

Artikkelen er mer enn to år gammel.

Det var lite ferjematrosen fekk gjort då ein av ferjepassasjerane som kom om bord frå Molde klokka 02.00 natt til laurdag ombestemte seg og ville i land igjen.

Sjølv om ferja hadde lagt frå var mannen så bestemt på å ikkje vere med til Vestnes likevel at han klatra over lemmen og hoppa i sjøen.

– Han hadde ombestemt seg, tydelegvis, og då hadde ferja lagt frå kai, fortel operasjonsleiar Jan Helge Kjøl i Nordmøre og Romsdal politidistrikt til NRK laurdag morgon.

Stor leiteaksjon

Jan Helge Kjøl

Operasjonsleiar Jan Helge Kjøl i Nordmøre og Romsdal politidistrikt fortel at det vart sett i gang eit stort søk etter mannen som hoppa frå ferja i Molde.

Foto: Politiet
Moldefjord inn til Furneset

«Moldefjord» trafikkerer i ferjesambandet Molde - Vestnes.

Foto: Geir Løvbugt

Skipperen på ferja «Moldefjord» såg det heile via kameraet ved lemmen og det første han gjorde var å slå av propellen. Deretter varsla han politiet, som tilkalla luftambulanse, dykkarar frå Ålesund, politi og ambulansepersonell.

– Ferja var berre eit par meter frå land, men det kan likevel vere svært farleg å hamne i sjøen så nær ferja, understrekar Kjøl.

Den store leiteaksjonen tok ei vending då det vart funne våte spor på asfalten og aksjonen vart avblåst då fleire vitne hadde observert ein mann i våte klede på kaia. Han hadde sett seg inn i ein bil og kome seg derifrå.

– Livsfarleg

Beredskapsvakt i Fjord1, Terje Stub, vart vekt av ein telefon frå mannskapet på «Moldefjord» i natt og fortel at det var ei ekkel stemning om bord.

– Det er dramatisk for dei som er vitne når noko slikt skjer. Dette er rett og slett livsfarleg.

Stub fortel at Fjord1 har faste retningslinjer for kva dei skal gjere i slike situasjonar og at mannskapet om bord i «Moldefjord» gjorde det dei skulle.

– Det er ikkje første gong dette skjer, men det er heldigvis ikkje så vanleg heller.

Mistenkt

Politiet klarte ikkje å finne mannen natt til laurdag og hadde laurdag klokka 09.00 enno ikkje vore i kontakt med han. Likevel har dei ein mistenkt.

– Slike leiteaksjonar er kostbare og mannen vil bli meldt for hendinga, fortel operasjonsleiar Jan Helge Kjøl.

Siste video/lyd

Dei fleste har meir enn nok med å SJÅ utfor kanten på den hundre meter høge Zakariasdammen i Tafjorden på Sunnmøre.
Men det finst folk som vil betale for å få seg ein luftig tur. Og frå neste veke av kan dei gjere akkurat dét...
Fiskesperra som skal redde den nasjonale lakseelva Driva, blir slakta av ekspertar på behandling av gyrosmitte. Miljødirektoratet er ansvarleg for prosjektet til seksti millionar kroner. Dei meiner det trengst berre små justeringar.
Eit heilt spesielt forskingsprosjekt er i gang ved Runde i Herøy. Aldri før er det gjort ei så stor undersøkning med bruk av ny teknologi langs kysten for å kartlegge øko-miljøet. Målet er mellom anna å finne ut kvifor bestanden av toppskarv og lundefugl går så kraftig ned.