NRK Meny
Normal

Hollingen klar for Start

Andreas Hollingen frå Molde er klar for Start. Han har skrive treårskontrakt med laget frå Kristiansand.

Andreas Hollingen, Start

Andreas Hollingen har skrive treårs-kontrakt med Start.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Even Øgrey Brandsdal

Start-direktør Even Øgrey Brandsdal er full av lovord om Andreas Hollingen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Til Fædrelandsvennen seier Hollingen at det var godt å få det avklart. Det skjedde i helga.

Førre sesong var 21-åringen på lån hos sørlandsklubben. Start berga så vidt plassen i eliteserien etter kvalifiseringskampar mot Jerv frå Grimstad, som slo både Hødd og Kristiansund før «finalekampar» mot Start. Der spelte Hollingen ei viktig rolle med skåring i ein av kampane.

Elles spelte han totalt 19 kampar, og 15 av desse frå avspark.

Start-direktør Even Øgrey Brandsdal seier Hollingen er ein spelar dei har tru på og som har dei rette haldningane.