NRK Meny
Normal

Hol i skroget på tankbåt

Tankbåten Frigg har hol i skroget og får ikkje gå frå kai før det er utbetra.

Frigg grunnstøyting

Frigg kom seg av grunnen ved Veddeholmane i Sula ved hjelp av slepebåtar.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

Undersøkingar av tankbåten Frigg viser at det er hol i skoget etter grunnstøytinga i dag tidleg.

Båten har dobbelt skrog, så det er ikkje fare for lasten.

Les også:

Kom seg av grunn


Frigg kom seg av grunnen ved Veddeholmane i Sula like før klokka 10 i dag.

Sjøfartsdirektoratet har pålagt eigarane av båten å utbetre skaden før den får gå frå kai.

Det seier kommunikasjonsdirektør Eilif Fjon.

Dykkar har sett på skadane

Øyvind Solvåg, dagleg leiar i rederiet Fjord Shipping i Måløy, fortel at situasjonen er udramatisk.

- Representantar frå Det Norske Veritas og ein dykkar har vore nede og sett på skadane. Vi har no fått ei oversikt over det.

- Kva skjer med lasten?

- Vi snakkar med selskapet som skal levere lasten, for å flytte sildeoljen over i ein annan båt som kan frakte den dit den skal. Det er berre snakk om å finne eit tilgjengeleg skip. Vi har fått lovnad om at vi kan ligge til kai på Vedde i fleire dagar om det trengs, seier Solvåg.

Og presiserar at det ikkje er nokon lekkasje ut frå båten.

Forsikringssak

- Etter kvart som vi har fått lasten over i ein annan båt, må vi sende skadespesifikasjon til ulike verft. Dette er jo ei forsikringssak, og det er forsikringsselskapet Gard som avgjer kva for eit verft dei vil sende båten til.

- Kor fort kan dette vere avklart?

- Vi håpar det kan skje så fort som mogleg. Det har vore gjort eit godt og grundig arbeid i denne fasen. Men no er det jo også dårleg ver i vente.

- Kor store kostnadar trur de at de får etter denne hendinga?

- Det har vi ikkje gjort noko overslag på. No har vi berre konsentrert oss om å trekke båten av land og få den til kai så trygt som mogleg.