NRK Meny
Normal

Høie: - Ingen vedtak er gjort

– Det er ikkje gjort noko vedtak om å kutte akuttkirurgien ved Volda sjukehus, seier helseminister Bent Høie. Tysdag formiddag ventar tusenvis av aksjonistar på han.

Helse- og omsorgsminister Bent Høie

Bent Høie seier vedtak blir gjort først etter lokale prosessar.

Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

Det er bodskapet frå statsråden før han møter sjukehustilsette, politikarar og truleg demonstrantar i Volda.

– Eventuelle endringar skal skje etter gode, lokale prosessar, der også analysar av sårbarheit og risiko er gjort, seier Høie.

Under ein slik prosess får ein svar på, og kan diskutere, dei mange spørsmål og innvendingar som melder seg.

Set pris på engasjementet

Volda Sjukehus

Helseministeren skal møte mellom andre dei tilsette ved Volda sjukehus.

Foto: Remi Sagen / NRK

Han ser fram til å møte alle, og hans mål er å få fram at også dei mindre sjukehusa er ein del av helseplanen.

– Vi må vekk frå tanken om at løysinga for framtida berre er å bygge store nye sjukehus.

Han set pris på engasjementet, som han meiner viser at sjukehusa betyr mykje for folk.

– Poenget med lokale prosessar er at folk kan engasjere seg og gi uttrykk for kva dei meiner, og kan få svar på dei spørsmål dei har, seier Høie.

Han meiner det ville vere uansvarleg å sitte i Oslo og berre bestemme, utan først å få svar på ei rekke spørsmål som reiser seg når ein diskuterer endringar i helsetenesta.

Framleis desentralisert struktur

Sjukehuset i Førde

Sogn og Fjordane skal framleis ha Førde som sitt hovudsjukehus, seier statsråden.

Foto: Rune Fossum / NRK

Helseministeren understrekar at det ikkje er aktuelt å endre grensene mellom Helse Førde og Helse Møre og Romsdal. Dei som bur i Sogn og Fjordane har Førde som sitt hovudsjukehus, og endrar ein på det risikerer ein å ta vekk grunnlaget for det tilbodet dei som bur der har.

– Det er difor ikkje aktuelt å endre grensene når det gjeld det akutte tilbodet. Vi skal framleis ha ein desentralisert sjukehusstruktur i Noreg.