NRK Meny

Høie ville lukke møtet for pressa

Statsråd Bent Høie ville lukke møte med ordførarane i regionen i Volda tysdag, skriv Sunnmørsposten. Ordførar Jørgen Amdam i Volda seier han er forundra over ønskjet, og fredag kveld seier Høie til avisa at han opnar møtet, dersom ordførarane ber om det. Høie kjem for å snakke om den omstridde sjukehusplanen.