Hopp til innhold

Høie om sjukehusstriden: – Kontakten med styreleiar er fortruleg

Helseminister Bent Høie(H) ville i Stortinget i dag ikkje kommentere om han har gitt uttrykk for kva for sjukehustomt han ønskjer for Nordmøre og Romsdal. Høie har blitt skulda for å ha blande seg i prosessen i strid med reglane for eigarstyring.

Bent Høie

Statsråd Bent Høie sa i spørjetimen i dag at han framleis vil gjere endeleg vedtak i saka fredag.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Den betente sjukehusstriden var også tema under Stortingets spørjetime i dag. Statsråden har den siste veka måtte svare på fleire spørsmål om si rolle i saka.

Jenny Klinge

Jenny Klinge har også tidlegare i veka stilt spørsmål ved helseministeren si rolle i sjukehussaka.

Foto: Bernt Sønvisen

I spørjetimen i dag måtte Høie svare på spørsmål om rolla si frå stortingsrepresentant Jenny Klinge frå Senterpartiet. Ho ville vite om det har kome signal frå regjeringshald til Helse Midt-Norge om valet av tomt for det nye fellessjukehuset og om statråden meiner prosessen har gått føre seg på rett vis.

– Eg trur det er mange grunnar til uroa som har vore.

Han viste til at det også tidlegare har vore uro rundt valet av tomt.

– Eg vil ta politisk ansvar for konklusjonen og ikkje skyve helseregionen føre meg, sa Høie.

– Avhengig av fortruleg kontakt

Høie vist vidare til at han også tidlegare har sagt at han ikkje har instruert nokon om valet av tomt, men at det har vore stilt spørsmål ved om han har gitt uttrykk for sine vurderingar til noverande eller tidlegare styreleiar i Helse Midt-Norge.

– Det har eg valgt å ikkje svare på, fordi denne typen fortruleg kontakt er legitim og i samsvar med vanleg kontakt mellom styreleiar og eigar.

Han viste til at styreleiarar i helseføretaka ofte har behov for å diskutere saker fortruleg, og at han meiner det er i tråd med god eigarstyring at dette skjer.

– At denne typen kontakt er fortruleg er viktig for god eigarstyring og forholdet mellom meg og styra, svarte Høie.

Jenny Klinge seier ho ikkje kjenner seg rolegare etter svaret frå Høie.

– I og med at han gjentar at han ikkje har instruert nokon, så tenkjer eg at det er teikn på at han har gitt føringar på anna vis, seier Klinge.

Ber om «time-out»

Venstres Pål Farstad

På Farstad frå Venstre har stilt skrifteleg spørsmål ved Høie si rolle i sjukehusstriden.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Også Pål Farstad frå Venstre har denne veka stilt spørsmål ved Høie si rolle i saka. Farstad fekk det same svaret som Klinge frå statsråden: Han har ikkje instruert nokon.

Farstad meiner tida no er inne for å ta ei pause i saka, for å sikre at alle delar av prosessen er klarlagt.

– Det er ganske openbart at det no burde vore tatt ein «time-out »ut også ut frå det som har skjedd på styremøtet i Helse Møre og Romsdal i dag. Det er heilt uhaldbart dersom det er hald i det som kom fram der, seier Farstad til NRK.

– Kven meiner du bør ta denne pausa som du etterlyser?

– Det bør jo Helse Midt-Norge tenke på, men også helseministeren må vise ansvar for å rydde opp og sjå kva som faktisk er tilfelle. Elles blir dette utruleg krevjande i tida framover, seier Farstad.


Vil framleis ta avgjerd fredag

I oppfølgingsspørsmålet i dagens spørjetime viste Klinge til det pågåande styremøtet i Helse Møre og Romsdal og den uroa som har vore i sluttfasen av prosessen rundt val av sjukehustomt.

– Ingen er tente med at prosessen dreg ut i tid, men på bakgrunn av tvilen som har kome i sluttfasen av saka, meiner statsråden det kan lønne seg å vente med ei avgjerd i saka til alle kort rundt prosessen er lagt på bordet?

Høie viste til at det er styra som må oppleve at dei har godt avgjerdsgrunnlag.

– Eg opplever ikkje at nokon har stilt spørsmål ved det faglege grunnlaget for ei avgjerd i saka, sa Høie i svaret sitt.

Han heldt fram med å seie at han vil ta si avgjerd fredag, så sant styra har fatta sine vedtak før det.

– Dersom nokon av styra utset saka, vil det ha konsekvensar for føretaksmøtet si behandling. Viss ikkje det skjer, tar eg mi avgjerd fredag, sa Høie i Stortinget.

Til NRK vil Høie ikkje kommentere påstandene som kom fram i styremøtet i Helse Møre og Romsdal i dag.

– Dette må styret handtere, eg kan ikkje kommentere pågaånde styremøter og det som kjem fram der, seier Høie.

Styret i Helse Møre og Romsdal har i møtet i dag avgjort at dei skal behandle saka og kome med sin konklusjon i løpet av dagen. Helse Midt-Norge behandlar saka i sitt styremøte i morgon.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL