NRK Meny
Normal

Høie er på besøk i Ålesund

Helseminister Bent Høie er på besøk i Ålesund i dag. Statsråden skal først og fremst besøke sjukehuset i Ålesund for å møte leiinga og dei tillitsvalde i Helse Møre og Romsdal.

Bent Høie besøker Ålesund sjukehus

Helseminister Bent Høie besøker Ålesund tysdag.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / nrk

Det har storma mykje rundt helseministeren det siste året. Det nye fellessjukehuset for Møre og Romsdal, barneavdelinga i Kristiansund og akuttfunksjonane til lokalsjukehusa er nokre av problemstillingane Høie har møtt som helseminister.

Dette er første gong Høie besøker Ålesund etter at vedtaket om plasseringa av det nye fellesjukehuset for Nordmøre og Romsdal vart tatt.

Dag Hårstad, administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, fortel at det er naturleg at fleire av desse utfordringane blir diskutert under statsråden sitt besøk.

– Vi vil sjølvsagt kome inn på den aktuelle situasjonen her i fylket, og reknar med å få ein god dialog, seier han.

Skal møte Helse Møre og Romsdal

Dag Hårstad

Dag Hårstad, administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Alf-Jørgen H. Tyssing / NRK

Statsråden skal først og fremst besøke sjukehuset i Ålesund for å møte leiinga og dei tillitsvalde i Helse Møre og Romsdal.

– Helseministeren besøker helseføretaka med jamne mellomrom, og denne gongen er det Helse Møre og Romsdal sin tur, seier Dag Hårstad, administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal.

Høie skal også delta på eit "Hopp for hjartet"-arrangement på Blindheim barneskule og møte personar med tidleg demens på Sunnmøre museum.

Kreftbehandling og psykiatri

Hårstad ser fram til å møte statsråden, og fortel at dei truleg vil diskutere ein rekke tema knytt til Helse Møre og Romsdal.

– Denne gongen har vi blant anna tenkt å snakke med statsråden om kreftbehandling og psykiatri. Dette er område der vi har gode ting å vise til, seier Hårstad.

– Det at vi har ein statsråd som er interessert i fagfeltet sitt, gjer det ekstra spennande å vise han kva vi held på med, held han fram.