NRK Meny

Høie avviser krav om utsetjing

Helseminister Bent Høie avviser i ei pressemelding i dag kravet om å utsetje valet av sjukehustomt. Statsråden seier den endelege avgjerda skal takast som planlagt 19. desember. Det har kome krav om utsetjing frå fleire hald, men Høie meiner styret si evne til å ta ei avgjerd ikkje er svekka av at direktøren gjekk av.