Hopp til innhold

Høgsterett skal behandle sak

Høgsterett skal behandle ei sak om deling av krenkande bilde. Ein mann frå Sunnmøre blei i Møre og Romsdal tingrett dømt til fengsel i åtte månader for fleire lovbrot, mellom anna å ha oppbevart og delt fleire bilde av sensitiv karakter. Det var fleire fornærma kvinner i saka.

Dommen blei anka til Frostating lagmannsrett, som forkasta anka over straffeutmålinga. I lagmannsrett blei mannen derimot frifunnen for oppreisingserstatning til ei av kvinnene.

Saka blei anka vidare og Høgsterett har no bestemt at dei skal behandle saka. Dei skal behandle straffeutmålinga. Dei skal også behandling erstatningskrava som mannen blei dømd til i lagmannsretten.