Hopp til innhold

Høgskulen i Volda ser mot Lillehammer og Molde

Høgskulen i Volda har mykje felles med høgskulane i Molde og Lillehammer, men står fast på vedtaket frå i fjor om ein sterk høgskule på Nord-Vestlandet.

Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda ser fleire regionale alternativ

Foto: Høgskulen i Volda

Styret for høgskulen drøfta situasjonen i møte torsdag, etter at Høgskulen i Ålesund ser ut til å gå mot fusjon med NTNU i Trondheim.

Høgskulestyret i Volda står fast på vedtaket frå i fjor om ein sterk regional høgskule på Nord-Vestlandet.

Styreleiar og rektor i Volda, Per Halse, seier dei helst vil ha ei regional løysing. Styret meiner da det er mest tenleg med ein fusjon av høgskulane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.

Skeptiske til dei store

– Vi er veldig skeptiske til desse store konstellasjonane å bli lagt under enten Bergen eller Trondheim, seier Halse. I lys av at det ser ut til at Ålesund går til Trondheim, og det same skjer i Oppland at Gjøvik går mot NTNU, då vil vi vere løysingsorienterte og meiner det kan vere interessant å snakke med Lillehammer, seier rektoren.

Per Halse

Rektor Per Halse meiner det er viktig å halde på ei sterk høgare utdanning og forsking i distrikta.

Foto: Høgskulen i Volda

Høgskulane i Molde, Volda og Lillehammer har veldig mykje til felles på den måten at dei står sterkt fagleg og er veldig forankra i bygde- og distriktstradisjonen. Vi er opptatt av å halde på ei sterk høgare utdanning og forsking utafor dei store byane, seier Per Halse.

– Det Volda er særleg utfordra på er korleis vi kan drøfta den nye lærarutdanninga, og då får vi ikkje hjelp verken av Lillehammer eller Molde, seier rektoren. Då er det Sogn og Fjordane, og vi jobbar mykje med dei og håpar vi kan få til ei sterk lærarutdanning på Nordvestlandet og då er sogndalsmiljøet viktig.