Hopp til innhold

Høgskulen i Volda samarbeidar med Google

Mediemiljøet ved Høgskulen i Volda har fått med seg Google på laget i undervisninga av korleis ein kan utvikle nettdokumentarar.

Høgskulen i Volda google samarbeid

Høgskulen i Volda har starta eit samarbeid med Google.

Foto: Gaute Hareide

Det internasjonale studieemnet Web Documentary er inne i sitt første semester ved Høgskulen i Volda (HVO). Bak det framtidsretta studiet står Ana Luisa Sanchez Laws og Tormod Utne. Utne fortel at studentane er frå bachelorprogramma i Journalistikk og Media, IKT og design.

– Vi miksar saman journalistikk, programmering og design for å få til best moglege nettdokumentarar. Meir avansert innhaldsproduksjon møter ny teknologi, seier Utne til hivolda.no.

Google som rådgjevarar

No har Høgskulen fått med seg Google på laget.

– Vi er så heldige som har fått Google med oss til å sparre på teknologi. Det er klokt av utdanninga å relatere seg til slike miljø og vere frampå i bruk av teknologi. Det gir studentane våre ein fordel, seier Utne.

Studentane har allereie hatt ei forelesing med ressursar frå teknologigiganten. Nicholas Whitaker, som arbeider i Google News Lab, hadde ei videoforelesing frå USA om 360 graders video. Det er videoar der kameraet filmar alle 360 gradene rundt seg sjølv, og der brukaren i etterkant sjølv kan velje kor i bildet han vil sjå. Ein teknologi som ifølgje høgskulen er lite brukt av norske mediehus.

Tanken bak 360 graders video er ifølgje Utne å ta med folk dit dei elles ikkje kjem seg. Sjølv har dei set saman seks GoPro-kamera i ein kube som skal filme 360 gradar til saman. I ettertid har dei eit program som syr alle videoane saman. Når videoane vert publisert kan ein nytte ei såkalla VR-brille, der VR står for virtual reality – eller virtuell verd på norsk.

Tidleg ute

Studentane er i gang med å arbeide med konkrete prosjekt, som skal avsluttast i løpet av semesteret. Dei vil vere både, tekst-, foto-, lyd- og tv-basert. Studentane skal lære seg å lage forteljarteknikkar ut av ulike komponentar.

– Eg trur vi vil sjå fleire norske mediehus i 2016 som tek i bruk denne teknologien. Vi er relativt tidleg ute her. Det er like viktig å sjå på kva som skjer i Silicon Valley som i norske mediehus, for dei kjem etter. Vonleg kan vi sende ut kandidatar i arbeidsmarknaden som har erfaring med bruk av denne teknologien, seier Utne til nettstaden.