Hopp til innhold

Høgskuleallianse fekk nei frå Røe Isaksen

Kunnskapsdepartementet har sagt nei til ein høgskuleallianse mellom Høgskulane i Molde, Volda og Lillehammer.

Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda og høgskulane i Molde og Lillehammer fekk nei frå kunnskapsministeren.

Foto: Brede Røsjø / NRK

Det skriv Høgskulen i Volda på sine nettsider. Dei tre skulane offentleggjorde i mai at dei ville gå inn i ei samarbeidsallianse med kvarandre i staden for ein fusjon.

8. januar sende dei inn ein søknad til kunnskapsdepartementet, og 14. januar 2016 hadde alliansehøgskulane eit møte med Kunnskapsdepartementet og statssekretær Bjørn Haugstad.

Men denne veka kom avslaget i eit brev frå Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Heile brevet kan du lese her.

Overraska

Rektor Johann Roppen ved Høgskulen i Volda er overraska over at Kunnskapsdepartementet ikkje har sett potensialet i eit frivillig samarbeid mellom dei tre høgskulane.

Johann Roppen

Johann Roppen, rektor ved Høgskulen i Volda er overraska over svaret frå Kunnskapsdepartementet.

Foto: Høgskulen i Volda

– Vi må no drøfte situasjonen grundig i leiinga og i høgskulestyret, både for å vurdere brevet og det vidare arbeidet i strukturprosessen, seier Roppen i ei pressemelding frå Høgskulen i Volda.

Han har likevel ikkje gitt opp å finne ei god løysing for Høgskulen i Volda.

– Eg er sikker på at vi vil finne gode løysingar for Høgskulen i Volda i det nye høgskulelandskapet, seier Roppen.

Avtalen er ikkje tilstrekkeleg

Regjeringa har gitt høgskulane i oppdrag å vurdere om dei kan styrke seg sjølv og gi betre kvalitet gjennom ei samanslåing med andre høgskular. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen har tidlegare uttalt at han vil at kvaliteten skal styre strukturendringane.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen står i Vandrehallen på Stortinget

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen meiner at allianseavtalen til høgskulane ikkje er tilstrekkeleg nok.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

I brevet skriv han mellom anna at eit samarbeid mellom institusjonar framleis er viktig, og at alliansemodellen bygger på dette. Han meiner også at lærarutdanninga i Volda ikkje vert sikra ynskt kvalitetsheving gjennom alliansemodellen som er foreslått.

– Likevel kan eg ikkje sjå at ein formalisert alliansemodell for desse institusjonane vil vere tilstrekkeleg til å løyse utfordringar vist til i strukturmeldinga og til å møte nye rammevilkår som følge av dei strukturendringane som no blir gjennomført elles i sektoren.

Vidare skriv han at departementet meiner at alliansen slik den er foreslått, ikkje i tilstrekkeleg grad vil betre høgskulen sine føresetnader for å gjennomføre prioriteringar.

– Slike prioriteringar er nødvendig for å heve kvaliteten på utdanning og forsking, utvikle fagmiljøa til å spele ei endå viktigare rolle for regionane der dei er lokalisert, eller elles å møte utfordringar og moglegheiter som følgje av nasjonal og internasjonal utvikling.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL