Hopp til innhold

Høgskulane bidreg til at studentane blir igjen

Gode høgskular i distrikta bidreg til at fleire høgt kvalifiserte studentar blir verande i regionen etter fullført utdanning.

Dei regionale høgskulane i møre og romsdal

REGIONALE HØGSKULAR: Dei tre regionale høgskulane i Møre og Romsdal, Høgskulen i Volda, Høgskulen i Molde og Høgskulen i Ålesund forsynar regionane rundt seg med høgt utdanna arbeidskraft.

Foto: Janne Brit Aasen, Gunnar Sandvik, Høgskolen i Ålesund / NRK

– Vi ser ei tydeleg utvikling i løp av dei siste 15 åra. Dei regionale høgskulane blir stadig viktigare i å forsyne regionane rundt seg med høgt utdanna arbeidskraft, seier Roar Tobro, høgskuledirektør ved Høgskulen i Ålesund.

Rapporten frå Senter for profesjonsstudium er eit samarbeid mellom Høgskulen
i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Høgskulen i Stord/Haugesund, Universitetet i Stavanger og Høgskolen i Oslo og Akershus.

Dei tre regionale høgskulane i Møre og Romsdal, Høgskulen i Volda, Høgskulen i Molde og Høgskulen i Ålesund, var også med på prosjektet.

Fleire blir i regionen

Roar Tobro

POSITIVT: Ifølgje Roar Tobro har dei regionale høgskulane fleire fordelar for regionane.

Foto: Privat

Vidare visar rapporten at det store fleirtalet av kandidatane ved næringsretta utdanningar blir i landsdelen etter fullført utdanning.

Dette gjeld for nesten 70 prosent av dei som har tatt ei utdanning ved ein av lærestadane på Vestlandet.

Talet på studentar frå vestlandshøgskulane som blir sysselsett på Vestlandet etter enda utdanning er stadig aukande.

Ifølgje Tobro vil utdanningstilbodet til høgskulane ha mykje å bety for tilgangen på kvalifisert arbeidskraft i regionen.

– Vi må ha eit utdanningsløp og studietilbod som treffer dei behova som finst i regionen. Tala viser at stadig fleire studentar går til den regionale arbeidsmarknaden, også studentane som kjem frå andre landsdelar, seier Tobro.

Positivt for næringslivet og regionen

Tobro trur dei regionale høgskulane kan ha positive ringverknadar for det lokale næringslivet.

– Dei tilbakemeldingane vi har fått frå næringslivet er at det er behov for dei utdanningane som dei tre høgskulane leverer.

I tillegg vil eit regionalt tilbod kunne bidra til å hindre fråflytting, og bevare folketalet i dei mindre fylka.

– Det er heile essensen i det. Studentane søkjer seg ut nesten uansett, men eit regionalt utdanningstilbod fangar opp mange som elles ikkje ville tatt høgare utdanning, seier Tobro.

– I tillegg trekker ein til seg studentar frå andre landsdelar. Rapporten viser ein stadig sterkare samanheng mellom studiestad og arbeidsstad, held han fram.

Tidlegare har det vore helse- og sjukepleiarutdanningane på Vestlandet som i størst grad har bidratt med kvalifisert arbeidskraft til regionen. No ser ein det same mønsteret innanfor ingeniør, maritim og økonomiutdanningane.

– Det har skjedd ei radikal endring på dette området sidan 1995 til 2010 med at ein stadig høgare del av studentane blir i regionen etter enda utdanning.