Hopp til innhold

Høgskolen i Molde med størst auke

­Søkjartala til høgskulane i fylket går opp. Det er Høgskolen i Molde som har hatt størst auke med tjue prosent.

Det viser tala frå Samordna Opptak.

- Vi skil oss litt frå andre høgskular ved å ikkje spre oss på altfor mange studietilbod, seier prorektor ved Høgskolen i Molde, Harald Hjelle.

- I tillegg har vi bygd kvalitet ved å ha mastertilbod innanfor alle dei områda vi har, forklarar Hjelle.

Han meiner blant anna dette har har med auken å gjere.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL