Hopp til innhold

Høgre størst oppslutnad i skulevalet

Røystene frå valet på dei vidaregåande skulane rundt om i landet er talte opp. I Møre og Romsdal er det Høgre som er den store vinnaren.

Monica Molvær

Monica Molvær, Høgre sin ungdomskandidat i Ålesund, er strålande nøgd etter skulevalet.

Foto: Trond Vestre / NRK

Med 30,3 prosent oppslutnad gjekk Høgre av med sigeren i skulevalet i Møre og Romsdal. Det er ein framgang på 14, 7 prosentpoeng frå skulevalet i 2009.

Medan Ap er den store vinnaren på landsplan, ligg dei stabilt med 23, 2 prosent her i fylket.

Saka held fram under framstillinga

Resultat skulevalet Møre og Romsdal 2011

Grafen viser valresultata etter skulevala dei siste ti åra for Arbeidarpartiet, SV, Høgre og Frp.

Foto: Norsk samfunnsvitenskaplige datatjenster

Tre av skulane, Ålesund vidaregåande, Kristiansund vidaregåande og Borgund vidaregåande, fekk ikkje gjennomført skulevalet på grunn av tekniske problem.

Framstegspartiet kraftig tilbake

Den store taparen i skulevalet her er Framstegspartiet med ein tilbakegang på 14, 9 prosentpoeng til 15, 7 prosent oppslutnad. Oppslutnaden er nær halvert sidan valet for to år sidan.

Ap landsvinnar

Arbeiderpartiet og Høgre gjorde i år dei beste skulevala nokosinne.

Arbeiderpartiet har størst oppslutnad blant elevane i den vidaregåande skulen, medan Høgre går mest fram samanlikna med skulevalet i 2009.

Framstegspartiet og Sosialistisk Venstreparti går mest tilbake, og SV oppnår det dårlegaste resultatet sidan skulevala starta i 1989.