Høgre størst i fylket

Arbeidarpartiet er berre fjerde største parti i ei meiningsmåling som Respons har utført for Sunnmørsposten, Romsdals Budstikke og Tidens Krav. I dei siste tre fylkestingsvala har Arbeidarpartiet hatt rundt 25 prosent i Møre og Romsdal. I den nyaste målinga får dei berre 17,6 prosent. Høgre er størst med 20,1 prosent, mens Framstegspartiet som har hatt svært dårlege målingar nasjonalt, får heile 19,3 prosent her i fylket. Senterpartiet er tredje størst med 17,7 prosent.