Hopp til innhold

Nedtur for Høgre – kan falle ut av Stortinget i fleire valkretsar

Høgre har kniven på strupen i fleire valkretsar fire veker før stortingsvalet. Ifølgje i NRKs supermåling for august kan fleire valkretsar ryke for Høgre som då ikkje lenger vil vere eit landsdekkande parti.

Erna Solberg og Jan Tore Sanner

Høgre må kjempe for halde oppe posisjonen i fleire av valkretsane i landet.

Foto: Heiko Junge / Heiko Junge

Fallet til Høgre er kanskje tydlegast i Møre og Romsdal.

Ved stortingsvalet i 2017 slo Høgre til som det største partiet i dette fylket med 23,6 prosent. Etter ein sterk valkampinnspurt klarte partiet å kapre tre stortingsplassar.

Men no kan situasjonen bli ein heilt annan. I målinga Norstat har gjort NRK fell Høgre tilbake til 15,3 prosent i Møre og Romsdal, og partiet mistar to av dei tre stortingsplassane.

Helge Orten

Helge Orten, stortingsrepresentant for Høgre i Møre og Romsdal.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Dette er vi langt frå fornøgd med. Vi har heilt andre ambisjonar enn 15,3 prosent. Vi var det største partiet i Møre og Romsdal ved førre val, og eg har ein ambisjon om å vere det også etter valet 13. september, seier Høgre sin førstekandidat Helge Orten.

Kan miste fleire valkretsar

Men i fleire av valkretsane i Noreg kan Høgre bli ståande utan stortingsrepresentantar etter 13. september. I Finnmark mistar Høgre stortingsplassen ifølgje den siste målinga. Arbeidarpartiet og Senterpartiet tar to plassar kvar.

Meningsmåling august 2021 for Nasjonal

Endring sammenlignet med juni 2021
Graf med oppslutning per parti
R: 4.9% (endring: +0.7
SV: 6.9% (endring: -0.9
AP: 25.5% (endring: +1.4
SP: 16.2% (endring: -1.5
MDG: 4.3% (endring: +0.6
KRF: 3.1% (endring: -0.5
V: 3.3% (endring: +0.6
H: 21.1% (endring: -1.9
FRP: 10.9% (endring: +0.7
Andre partier: 3.9%
Utført av Norstat 28 juli.–11. august11,400 svar
Les mer om NRKs meningsmålinger

Taper i Trøndelag

Høgre går tilbake i begge valdistrikta i Trøndelag, og i Nord-Trøndelag kan partiet miste stortingsmandatet, dersom meiningsmålinga står seg til valet.

Dermed kan Elin Agdestein vere ute etter åtte år på Stortinget.

Leiar i Trøndelag Høgre, Christian Ingebrigtsen, seier dei ikkje gir opp stortingsplassen i Nord-Trøndelag enno.

– Vi er van med at meiningsmålingar går opp og ned, og det er ingenting i desse tala som gjer oss mindre motivert til å drive valkamp heilt fram til valdagen, seier han.

Elin Agdestein

Elin Agdestein (H) risikerer å ryke ut etter åtte år på Stortinget.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

I Sogn og Fjordane fekk Høgre det siste direktemandatet i 2017. No kan også denne stortingsplassen ryke. Partiet stiller med ordføraren i Sunnfjord kommune, Olve Grotle, på topp. I den siste målinga aukar partiet til 14,2 prosent i Sogn og Fjordane, men det er ikkje nok til å halde direktemandatet.

I staden er Grotle inne på eit utjamningsmandat i denne målinga, men dette mandatet er svært usikkert.

– Utjamningsmandatet er ingenting å slå seg til ro med. Vi vil arbeide hardt for å få eit direktemandat, seier Grotle.

Trur framleis på eit godt val

Også nasjonalt går Høgre tilbake – frå 25 prosent til 21,1 prosent. Tilbakegangen frå stortingsvalet i 2017 er på 3,9 prosentpoeng. Partiet er langt unna fire nye år i regjering. Men nestleiar Jan Tore Sanner er framleis sterk i trua.

Finansminister Jan Tore Sanner (H)

Nestleiar i Høgre, Jan Tore Sanner, trur partiet kan få eit løft under valkampen.

Foto: NRK

– Eg har tru på valsiger. Denne målinga er eit greitt utgangspunkt for innspurten. Det er ein månad igjen til valet, og eg har god tru på at vi skal klare å løfte oss godt over 21 prosent som vi har på denne målinga.

Mandatfordeling august 2021 for Nasjonal

Endring sammenlignet med nåværende Storting
Mandatfordeling per parti
AP: 47 mandater, endring -2
H: 38 mandater, endring -7
SP: 32 mandater, endring +13
FRP: 19 mandater, endring -8
SV: 12 mandater, endring +1
R: 9 mandater, endring +8
MDG: 8 mandater, endring +7
KRF: 2 mandater, endring -6
V: 2 mandater, endring -6
Utført av Norstat 28 juli.–11. august11,400 svar
Les mer om NRKs meningsmålinger

Må kjempe for plassen sin

Mørebenken ved Helge Orten (H) og Vetle Wang Soleim (H)

Helge Orten og Vetle Wang Soleim sit på Stortinget saman frå Møre og Romsdal. No må Soleim kjempe for stortingsplassen sin.

Foto: Alf Jørgen Tyssing / NRK

I 2017 feide 24 år gamle Vetle Wang Soleim inn på Stortinget som tredjekandidat frå Møre og Romsdal. No har han rykka opp til andrekandidat. Det skjedde fordi Høgre ville sikre han fire nye år på Stortinget. Men no må han kjempe for å halde plassen.

– Alle politikarar må kjempe for å få støtte til sin politikk. Det har eg vore innstilt på heile vegen. Det er lenge til valdagen. Vi ser fram til å møte folk, få innspel på vår politikk, og delta i gode debattar.

Ingunn Solheim og politisk kommentator Lars Nehru Sand går dypere inn i bakgrunnstallene for målingen.

Ingunn Solheim og politisk kommentator Lars Nehru Sand går dypere inn i bakgrunnstallene for målingen.