Høgre-mann må sjå seg til venstre

Ordførarkandidaten frå Vestnes fekk lita støtte frå partivenane sine. Han reagerte med å melde seg ut av Høgre og inn i Venstre.

Martin Kjøpstad

Manglande støtte gjer at Martin Kjøpstad forlet Høgre til fordel frå Venstre

Foto: Trond Vestre / NRK

Laurdag var Martin Kjøpstad ein av fire som kjempa om førsteplassen på Høgre si liste i Vestnes.

Søndag melde han seg ut av partiet og inn i Venstre.

- For liten tillit

På nominasjonsmøtet vart Kjøpstad forbigått av alle dei tre andre kandidatane, og enda på fjerdeplassen.

- Det er ein veldig enkel grunn til at eg melde meg ut. Eg fekk såpass lite tillit blant medlemmane i Høgre under nominasjonsmøtet som var på laurdag, at eg synast det var rett å trekke meg ut.

Les:

Ifølgje det gjeldande regelverket må ein kandidat som har stilt seg på liste, melde seg inn i eit anna parti for å kunne trekkje seg. For Kjøpstad fall valet på Venstre som nytt parti.

- På ein måte så synast eg at ringen er slutta. Bestefar min var eigentleg Venstre-mann, og far min var det også før han gjekk over til Høgre. Venstre er det partiet som står meg nærast etter Høgre.

- Følte det ikkje var mi tid no

Kjøpstad hadde eigentleg ikkje tenkt å stille som toppkandidat for Venstre, men vart overtala av nominasjonskommiteen.

- I utgangspunktet hadde eg ikkje tenkt å stille på lista. Eg følte at det ikkje var mi tid akkurat no, men så fekk eg spørsmål frå nominasjonsnemnda om eg ville vere ein av toppkandidatane. Sidan resultatet vart slik det vart slik det vart, følte eg det var rett å trekkje meg, fortel Kjøpstad.

- Eg skal ikkje sitje og halde på ein plass for andre som gjerne vil fram, det er ikkje rett.

Overraska over utmeldinga

Leiinga i Vestnes Høgre seier dei gjerne skulle ha hatt med Kjøpstad på fjerdeplassen og er overraska over at han har meldt seg ut av partiet.

- Er det likgyldig for deg om du stiller til val for Høgre eller Venstre?

- Nei, det er det eigentleg ikkje, og eg har ikkje vorte spurt om eg vil stille til val for Venstre endå heller, seier Kjøpstad.

Leiar Greta Bjerke i Venstre i Vestnes ser ikkje vekk frå at Kjøpstad kan vere ein kandidat for dei, dersom han er interessert i det. Partiet skal seinare denne veka ha styremøte for å førebu sin nominasjon.