Hopp til innhold

Høgre førebur seg på tøff valkamp

Sjukehusstriden har splitta Høgre i Møre og Romsdal. No førebur partiet seg på ein av dei tøffaste valkampane nokon gong.

Møre og Romsdal Høyre

Møre og Romsdal Høgre under fylkesårsmøtet i helga.

Foto: Øyvind Johan Heggstad

Fylkesleder i Møre og Romsdal Høyre Geir Ove Vegsund

Geir Ove Vegsund er fylkesleiar i Høgre.

Foto: Øyvind Johan Heggstad

– Sjukehussaka er ikkje ferdig debattert slik det står no. Det er ei sak vi vil bli mint på gjennom heile valkampen, og det må vi forholde oss til.

Det seier fylkesleiar i Høgre, Geir Ove Vegsund, som vedgår at striden om lokaliseringa av det nye sjukehuset nok vil vere ein klamp om foten for partiet.

– Vedtaket er jo fatta, så det er jo ikkje så mykje å gjere med det sett ut frå dei faktiske forholda. Men det vil heilt sikkert vere ulike syn og ulike meiningar om det også under valkampen, og det må vi greie å ta ein diskusjon på.

Vil halde fram kampen for Kristiansund

Sjukehusstriden stod ikkje på dagsorden under partiet sitt fylkesårsmøte under helga, men blei likevel tema. Fleire lokallag på Nordmøre har opplevd utmeldingar som følgje av striden.

I tillegg tok delegatane frå Nordmøre til orde for å halde fram kampen for sjukehuset i Kristiansund.

Vegsund vedgår at sjukehussaka har råka partiet hardt, og at den nok vil kome igjen i valkampen. Han seier dei likevel vel å fokusere på det som er samlande.

– Vi hadde ein gjennomgang av programmet vårt og det blei samrøystes vedtatt for heile fylket. Så det er eit godt verktøy for oss.

– Er det mogleg å samle seg om diskusjonane om innhaldet i eit nytt sjukehus, trur du?

– Det er vanskeleg å seie no. Eg trur nok uansett det vil ta litt tid, seier Vegsund.