Difor er det hoggorm-år

Fleire turgåarar har meldt om observasjonar av hoggorm som har funne vegen ut i solsteika, men kvifor er det eigentleg slik akkurat i år?

Hoggorm

Også buormen kan finne på å bite, men det er berre hoggormen - med det karakteristiske sikksakkmønsteret – som er giftig.

Foto: Liv Janne Bell Jonstad

Veterinær, Olaf Birkeland.

Veterinær Olaf Birkeland har behandla mange ormebit opp gjennom åra. (Arkivfoto).

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

– Overlevingsevna til hoggormen er ganske god i år, konstaterer veterinær Olav Birkeland.

– God tilgang på gnagarar har gjort at hoggormen formeirar seg godt og dermed vert mange. Mykje mat gjer jo også at ormen er godt i hald når han går i dvale, legg han til.

– Ikkje list deg fram

Den siste tida har bydd på mange lune finevêrsdagar. Fleire turgåarar har meldt om observasjonar av hoggorm som har funne vegen ut i solsteika.

– Mest orm er det når det er godt og varmt og sol. Ormen likar seg også best der det er tørt, han er ikkje så glad i fuktige område, forklarar Birkeland.

Hoggorm

Aprilsola har vore god og varm. Her frå ein tursti i Liabygda på indre Sunnmøre.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

I dei alle fleste tilfelle utgjer ikkje ormen noko fare. Det er når han vert overraska og føler seg truga at han går til åtak.

– Vi vert ikkje sett på som byttedyr for ormen, men om vi kjem for nær – spesielt når vi plukkar bær og kjem med handa ned i ei tue litt brått – så kan ein risikere at ormen høgg til.

Eit generelt tips for alle er derfor å lage litt leven når ein er på tur i skog og mark.

– Ein bør iallfall ikkje liste seg fram. Hoggormen kjenner vibrasjonane frå bakken og frå snakking, så om ein skravlar vil ormen normalt stikke av, seier Birkeland.

Tips til hundeeigaren

Solhaug Hundepensjonat

Hundar trivst ute i det fri og er nysgjerrig på det meste. Men i naturen bur også hoggormen, og han likar ikkje å bli forstyrra.

Foto: Solhaug Hundepensjonat

Medan tobeinte lett kan unngå å bli bitne ved hjelp av støvlar, er det verre for dei firbeinte.

– Hundane beveger seg raskt med snuten nede i gras og lyng. Får hunden til dømes eit bitt på snuten eller på halsen, så kan han vere ille ute. Då kan hunden nemleg bli kvelt, seier Birkeland.

Det beste ein kan gjere om uhellet er ute, er å halde hunden mest mogleg i ro.

– Om du har ein liten hund på opptil 10–15 kilo, bør du ta han i sekken og bere han fram til bilen eller du bur. Har du ein større hund, bør de spasere roleg og ikkje halse av garde til bilen sjølv om hunden hyler, rår den pensjonerte dyrlegen.

Kontakt dyrlegen

Det neste ein bør gjere er å kontakte dyrlegen, uansett kor ein er eller når det er på døgnet. Ifølge Birkeland er det ein dyrlege på vakt alle stader og til ei kvar tid – også helg og kveld.

– Nokre gonger trengst det behandling, medan andre gonger ikkje. Om det er alvorleg er behandlinga som oftast væsketilføring, antistoff mot orm og kanskje litt kortison.

Huggorm

Denne hoggormen vart observert ved ein tursti i Sula i fjor.

Foto: Helen McLean

For dei som er mykje ute på tur i område der orm kan ferdast, kan eit tips vere å ta med kortisontablettar til hunden. Desse kan hunden bere om halsen i ein liten og tett messingsylinder.

– Det er omdiskutert kor mykje det har for seg. Det kan hjelpe litt i somme tilfelle, men det er ikkje det som er den reelle behandlinga, understrekar Birkeland.

– Hald hunden i band

Det beste middelet ein har for å unngå at hunden vert biten, er å overhalde bandtvangen.

– Eigarane er litt sjølvforskylde dersom dei let hundane gå lause. Dersom bandtvangen vert overhalde, er faren for hoggormbit sterkt redusert. Då kjem ein ikkje så fort på ormen, og ormen får tid til å stikke av, seier han.

Dyrlegen trur mange uroar seg unødig mykje over orm når dei er på tur.

– Dei fleste kjem seg frå hoggormbitet utan altfor store plagar. Kor stor skade det gjer, er litt avhengig av kor bitet treff og om gifta går i blodet eller ei.

– Forutan ubehaget, så kan ein få vevsskadar der bitet har vore. Ein kollega av meg berga ein gong ein hest som vart verkeleg stygg i foten, men det gjekk bra til slutt, legg han til.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Warholm

Warholm knuste verdensrekorden og tok OL-gull: – Helt hinsides