Hopp til innhold

Tips og triks du bør vite om ved og fyring

Når temperaturane er lave og straumprisane er høge, så er det mange som tyr til vedfyring. Men ikkje alle får til å fyre opp i omnen.

Bjørn Eivind Skarpaas Haagensen er seksjonsleiar for feiing i Ålesund brannvesen. Hos Johan R Sunde AS på Eidsnes på Sunnmøre viser han korleis man skal få fyr i peisen.

FYR OPP FRÅ TOPPEN: Bjørn Eivind Skarpaas Haagensen er seksjonsleiar for feiing i Ålesund brannvesen. Hos Johan R. Sunde AS på Eidsnes på Sunnmøre viser han korleis man skal få fyr i peisen. – Det er viktig å fyre frå toppen, seier han.

Foto: Maria Kristina Vevang / NRK

Ein kald vinterkveld er det få ting som er så koseleg som peiskos med lyd av knitrande ved, teppe over beina og noko varm drikke i koppen. Eller kanskje er det å passe vedomnen blitt ein fast del av rutinane på heimekontoret?

Det har vore kaldt vêr over heile landet i ein lang periode, og det er ekstremt høge straumprisar fleire stadar i landet.

Vil du kalle deg ein ekspert på fyring? Eller blir du frustrert når du aldri får fyr?

Bjørn Eivind Skarpaas Haagensen, seksjonsleiar for feiing i Ålesund brannvesen, er ofte ute på oppdrag og ser tabbane folk gjer.

Sjekk at veden er tørr

– Veden må vere tørr. Alt over 20 prosent fukt er ikkje egna til å fyre med, seier Haagensen.

Om du ikkje har ein fuktmålar, så er det to triks du kan bruke:

Vil du kalle deg ein ekspert på fyring? Eller blir du frustrert for du aldri får fyr? Her får du tips og triks til vedfyring.

Bjørn Eivind Skarpaas Haagensen viser fram banke-trikset. Oppvaskmiddel-trikset kan du sjå lengre nede i saka.

Bjørn Haagensen i brannvesenet viser tips og triks til vedfyring.

Har du ikkje ein fuktmålar, så kan du bruke eit oppvaskmiddel til å sjekke om veden er tørr.

Ulike typar ved ein skal bruke og ikkje bruke

– Det er ikkje så viktig om du fyrer med bjørk, lønn eller gran. Det viktigaste er at den er tørr og finkløyvd, seier Haagensen.

Det er viktig å ikkje bruke anna ein rein ved.

– Eit gammalt malt gjerde, gamle restar av eit møbel, aviser og mjølkekartongar vil føre til giftige og miljøskadelege gassar som kan skade eldstaden, skorsteinen og miljøet.

Ikkje alt kan brukast til å fyre i omnen

Ikkje alt kan brukast til å fyre i omnen.

Oppfyring frå toppen

Alt ligg til rette for å få god fyr i omnen, men så kjem spørsmålet: Korleis skal ein fyre? Ifølge Haagensen fyrar dei aller fleste frå botnen ved opptenning, men dette er feil.

– Når du skal fyre, er det viktig å legge inn tilstrekkeleg med ved og å fyre frå toppen. På denne eldstaden her har vi halvert partikkel-utsleppet ved å fyre frå toppen.

– Fyrer du rett, blir det veldig lite røyk, og det blir godt for naboen, inneklimaet og miljøet. Eit godt teikn er at det er lite sot på glaset.

Slik skal vedkubbene ligge for at det skal bli bra fyr i peisen.

Slik skal vedkubbane ligge, ifølge Haagensen.

Vent med å legge på ny ved

Du har fått fyr i peisen og det er varmt og deilig. Men du vil jo ha det slik, så korleis skal det vare?

– Så lenge det er synlege flammar, er det for tidleg å legge på ny ved. Vi skal vente til det berre er glød før ein legg inn på meir ved.

Vent med å legge på meir ved til det berre er glør

Vent med å legge på meir ved til det berre er glør.