Hopp til innhold

Rekordhøge søkartal til landbrukslinja

Interessa for å gå på landbruksskule i Møre og Romsdal er større enn nokon gong. Langt frå alle som har Gjermundnes VGS som førstevalg vil få plass.

tonje hjørungdal

Tonje Hjørungdal kjem frå ein storfegard. Sjølv kunne ho tenke seg å vere sauebonde saman med kjærasten.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

Aldri før har så mange unge søkt seg til landbruksskulen på Gjermundnes i Vestnes kommune. Tilsaman er det 55 førstegongssøkarar på om lang 40 plassar.

Aadne Runar Haarr

– Dersom 10 av 40 av dei som startar her blir bønder, så er det det vi håper på for næringa si framtid, seier rektor ved skulen, Aadne Runar Haarr

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

– Vi hadde høge søkartal i fjor, men i år er det enda høgre. Det er veldig moro, og kjekt å sjå at det er flest søkarar på landbrukslinja, seier rektor ved skulen, Aadne Runar Harr.

Vil ta over heimgarden

Blant elevane ved skulen er det mange som ynskjer å gå i foreldra sine fotspor å ta over heimgarden. Avgangselev Maiken Røvik er oppvaksen på storfegard.

– Eg ynskjer å ta over garden heime, så å starte her var eit enkelt val for min del, seier Røvik.

Så du er ikkje bekymra for bonden si framtid?

– Nokon må produsere mat. Om ein ikkje har bonden, så har ein ikkje oljearbeidaren eller advokaten. Ein har ingen. Det finnast eit ordtak om at ein går til legen ein gong i året, medan bonden går ein til kvar dag. Det er når ein går i kjøleskapet.

Maiken Røvik

Maiken Røvik (19) er veldig glad i dyr og ynskjer å bli storfebonde. - Eg har vakse opp på gard, så det ligg nok i blodet. Ei grøn utdanning er brukbart uansett.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

Godt å sleppe skulebenken

Nye krav til utdanning blant bønder kan forklare mykje av det høge søkartalet. For fleire av elevane er også det å få eit avbrekk frå skulebenken ein god motivasjon.

– Det er ein veldig variert kvardag, og det er kjekt at vi har så mykje praksis. Det er godt å sleppe å sitte på skulebenken heile dagen, men å få praktisere det vi lærer utandørs, seier Tonje Hjørungdal.

På landbrukslinja er tre dyr i fokus; melkeku, gris og sau. Hjørungdal kjem også frå storfegard, men brukar mykje tid saman med sauene.

– Eg har ein kjæreste som har sau. Han har bygd om fjøsen heime og satsar på det.

Ser du for deg å drive gard saman med han?

– Ja, eg ser for meg ei framtid med det. Han er veldig interessert i gardsbruk og har også gått på denne skulen. Det var slik vi møttes.

skulebenken

Ved skulen oppnår ein også studiekompetanse, men elevane som kjem er i hovudsak unge som ynskjer å drive med hest, landbruk og annleggsgartnerfag.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

Lys framtid for bøndene

Aadne Runar Harr trur søkartalet er høgt fordi landbruk er tidsaktuelt, og at nedgang i oljeindustrien spelar ein viktig faktor.

Hest

Silje Marie Kulseth (17) var skulelei etter ungdomsskulen. Då var det godt å få ta med hesten til Gjermundnes og få ei avkopling frå skulebenken.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

– Nedgangen i oljenæringa fører nok til at unge tenker på alternative framtidsvegar. Bruken av naturen er noko som alltid har vore og som alltid vil vere.

Haarr er trygg på at framtida til bonden og det norske landbruket ser lys ut.

– Vi må ta vare på moglegheita til å lage den maten som vil alle saman er hundre prosent avhengige av. Vi har utfordringar og vi må tilpasse oss, men det vil alltid vere etterspørsel etter bønder.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL