Hopp til innhold

Høgare støygrense for tunnelbygging

Støyen frå bygginga av ein parkeringstunnel i byfjellet Aksla i Ålesund kan vere på 70 desibel. Bygge- og delesaksutvalet har sagt ja til søknaden frå Aksla Parkering om å heve støynivået. Selskapet meiner dette er nødvendig for framdrifta i prosjektet.