Hopp til innhold

Hoem fann fattig Gud

Edvard Hoem fann tilbake til Gud gjennom ein sjølvskriven julesong.

Edvard Hoem

SKREIV SIN FYRSTE SALME: Edvard Hoem skreiv 'Den fattige Gud' på ei utfordring frå læraren til sonen.

Foto: Berit Roald / Scanpix

Det er mange måtar å finne tilbake til barnetrua si på.

Forfattar Edvard Hoem frå Fræna gjorde det ved å skrive ein julesong.

Sonen bad om hjelp

Oddgeir Bruaset

JULESONG-SKRIBENT: Oddgeir Bruaset har skrive bok om dei mest kjente julesongane.

Foto: Åge André Breivik / NRK

- Det starta eigentleg med sonen Henrik, seier Oddgeir Bruaset.

NRK-journalisten er mest kjent for NRK1-serien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu, om folk som bur utanfor allfarveg. Men han har også skrive bok om nokre av julesongane våre.

Eit av kapittela er om Den fattige Gud av Edvard Hoem.

Son av ein diktar

Me må mange år tilbake i tid.

- I fjerde klasse på Sandviken skole i Bergen gav musikklærar Ingrid Klovning elevane i oppgåve å lage kvar sin melodi. Då retta Henrik opp handa, og gjorde Klovning merksam på at han hadde ein diktar til far, fortel Bruaset.

Det visste sjølvsagt Ingrid Klovning godt.

Ho bad Henrik spørje far sin om han ville skrive ein julesong til klassen.

- Gjorde sterkt inntrykk

- Dette spørsmålet gjorde eit sterkt inntrykk på Edvard Hoem. Som son av ein emissær i Fræna vaks han opp med ei sterk barnetru, men den forsvann etterkvart som han vart eldre og kom inn i stadig meir radikale miljø, fortel Bruaset.

Kort tid før Hoem fekk spørsmålet om julesongen, hadde han vore på reise til Nicaragua. Der fekk han sjå at det går fint å kombinere trua på revolusjonen og trua på Gud.

- I Syd-Amerika rekna dei Jesus for å vere deira fremste revolusjonsleiar; ein som alltid er på parti med dei svakaste og som dømmer dei rike. Dette var inntrykka Hoem grunna på då sonen kom og bad om ein julesong.

Skreiv sin første salme

Der og då bestemte han seg for å vise folket at trua hans var tilbake.

- Dermed skreiv Edvard Hoem sin aller første salme.

Salmen var ferdig rett før jul, og Hoem ringte sin gode ven Henning Sommero.

Han hadde starta juleferien heime i Surnadal, men han sette seg straks ned og skreiv melodi til Hoem-salmen. Dagen etter sende han den til fjerdeklassingane i Bergen.

NRK sende salmen

Men Hoem ville ha eit større publikum.

Han sende den til sin gode ven Egil Monn-Iversen, som var musikalsk ansvarleg for underhaldningsavdelinga i NRK.

- Dei vart samde om at den skulle gå i programmet Kvelden før kvelden veslejulaftan på fjernsynet. Og slik vart det – den vart sungen av Kirsti Sparboe, fortel Oddgeir Bruaset.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL