Årsaka er at Fotballforbundet berre godtar stolplassar på hovudtribunen.
På Høddvoll er det rundt 1100 slike sete, medan resten av sitteplassane har vore på betongen.
Fleire stolar
Dagleg leiar i Hødd, Andre Nevstad, seier til NRK at dei no må gjere det dei kan for å få på plass fleire stolar på tribunen. Berre 20 prosent av kapasiteten kan vere ståplassar, opplyser Nevstad. Han håper at kapasiteten i løpet av sesongen kan aukast frå 1250 til cirka 3000.
750 i snitt
På Høddvoll var gjennomsnittet på 750 tilskodarar i fjor, så slik sett er 1250 plassar (inkludert ståplassane) meir enn nok, men mot AaFK laurdag 9.september vert det stinn brakke. For to år sidan samla den kampen tett på 5000 tilskodarar. Det betyr at Hødd må å få på plass nye seteplassar for ikkje å tape store publikumsinntekter.
Norges Fotballforbund kjem med stadig nye krav til laga i 1.divisjon og etter kvart må nok Hødd også koste på flomlysanlegg rundt hovudbana på Høddvoll.