Hopp til innhold

Hødd vil revansjere stortapet som enda i jubel

Då Hødd møtte Bodø/Glimt i siste serierunde i fjor blei det tap 4-0. Likevel var Hødd-spelarane strålande glade, for 1. divisjonsplassen blei sikra. – Men vi har noko å revansjere.

Lars Arne Nilsen

Hovudtrenar Lars Arne Nilsen og Hødd har fått ein glimrande seriestart med fire sigrar på dei fem første. No ventar ein tøff bortekamp i Bodø.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Det meiner Hødd-spiss Espen Standal.

– Det var litt merkeleg. Vi hadde mest ein god følelse etter kampen, sidan vi heldt oss i divisjonen. Vi tenkte lite på at vi hadde tapt 4-0, fortel Standal.

Han er derimot klar på at slikt ikkje skal få skje igjen.

– No skal vi opp til Bodø for å prøve og ta kampen. Vi reiser ikkje opp for å underhalde nokon, men for å ta poeng.

Espen Standal

Espen Standal har scora to mål for Hødd i serien så langt i år. I cup og serie står 21-åringen med fire nettkjenningar.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Vil score flest

Standal har starta alle seriekampane for Hødd i år så langt. Det er nytt for 21-åringen som byrja karrieren i Ørsta.

– Det er sjølvsagt kjempekjekt å få spele meir. Det er det eg jobbar for, og det er kjekt å få betalt for hardt arbeid som er lagt ned opp gjennom åra, seier Standal.

Ein annan ting som er svært kjekt er scoringar. Så langt i år er han éin av to blåtrøyer med to scoringar i 1. divisjon. I cup og serie står han med fire nettkjenningar.

– Ja, eg har eit mål om å i alle fall bli Hødd sin toppscorar i år.

– Då må eg sjølvsagt prestere når eg spelar og ta sjansane eg får. Og så må ballen i mål, eg må gjere det enkelt, meiner Hødd-spissen.

Saka held fram under bildet.

Hødd-jubel

Her jublar Vegard Heltne ved ei tidlegare anledning i Hødd-trøya. Mot Bodø/Glimt er han mest truleg tilbake i startellevaren.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Truleg fire bytte

Trass i 1-0-siger over Kongsvinger torsdag, var det ikkje ein optimal kamp frå Hødd.

Mot Bodø/Glimt på bortebane blir det truleg fire forandringar. Erik Sandal, Joachim Magnussen og Espen Standal sit truleg på benken. Ruben Kenneth Brandal er heime med skade.

Inn kjem truleg Vegard Heltne, Rune Ertsås, Bendik Torset og Tobias Vibe Nygård.

– Det spørst om eg er inne på laget. Men det er tipp topp at vi er mange spelarar i form, ikkje berre 11 mann, seier Standal til NRK.