NRK Meny
Normal

Hødd klatra over streken igjen

Med tap hadde det plutseleg sett mørkt ut for Hødd. Men heime på Høddvoll var Hødd suverene. Heile 4–1 blei Strømmen slått.

Pål Andre Helland

Pål Andre Helland scora to mål for Hødd i 4-1-sigeren mot Strømmen. Kampen gjekk på Høddvoll.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

Dermed klatra Hødd forbi Strømmen på tabellen.

Før serierunden låg Hødd på 13. plass – den siste av fire nedrykksplassar – med 22 poeng. På plassen over låg Strømmen med 24 poeng.

Då Hødd i dag slo Strømmen, klatra Hødd både over streken og til 11. plass. Ekstra viktig for Hødd var det at Tromsdalen som låg på 11. plass før runda òg tapte.

På Høddvoll var det liten tvil om kven som skulle gå av med sigeren.

Helland-show

Sett i etterkant blei nok oppgjeret på Høddvoll avgjort i opningsminutta.

Etter berre tre minutt kom 1–0. 16 år gamle Fredrik Aursnes tråkla seg framover, før han la perfekt inn til Pål André Helland.

Helland gjorde det enkelt, og breisida inn 1–0. Berre seks minutt seinare banka same mann eit frispark i nettet il 2–0.

Høddvoll var ikkje verdas mest givande matte denne søndagen, etter mykje nedbør. Bortelaget Strømmen sleit tydeleg, medan Hødd kunne auka leiinga.

Vakker lobb til 4–0

I andre omgang heldt Hødd fram i same baner, og opninga var minst like god som i første omgang.

Andre omgang var ikkje eit minutt gammal før Kjell Rune Sellin sette inn 3–0.

I det 53. minutt kom 4-0, då tomålsscorar Helland spelte høgreback Akeem Latifu gjennom. Backen var iskald, og lobba inn 4–0.

Fire minutt seinare reduserte Strømmen ved Armin Sistek. Fredrik Klock laga straffe, og Sistek sette inn 4–1.

I sluttminutta fekk Hødd-spiss Espen Standal to forsøk frå straffemerket, men Standal bomma på begge forsøka.

Uansett: Hødd vann på Høddvoll, og klatra to plassar i Adeccoligaen. Sigeren kan bli svært viktig, då Hødd sitt kampprogram er tøft i sesonginnspurten.

Vi kjem tilbake med meir.