Hopp til innhold

Hødd vann 4-1 mot Brattvåg

Høddsupporterane jubla då Hødd slo Brattvåg på heimebane med 4–1 under den første runden i cupen onsdag kveld.

Hødd-supporterar jublar
Foto: Tore Ellingseter

Hødd-spelar og målscorar Pål Andre Helland var godt fornøgd etter kampen mot Brattvåg IL onsdag kveld.

– All honnør til keeperen deira. Han hadde ein god dag på jobb, han. Dersom ikkje, skulle det blitt meir, sa Helland rett etter kampen.

Første mål etter 25 minutt

Det første målet kom etter 25 minutt, og var signert Vegard Heltne. Etter det var det ingen målscoringar, før laga gjekk til pause.

– Det var ein typisk 1. rundekamp, der eit Tippeliga-lag møter eit 3. divisjonslag. Det er årets kamp for dei, der dei har sjanse til å slå fjorårets noregsmeister, seier Helland. Han seier at dess lenger kampen går, dess meir viser forskjellane på laget.

– Vi skal jo vinne uansett, seier Helland.

Tre mål i andre omgang.

0-1 ved Hødd-spelar Vegard Heltne

Hødd sikra seg fire mål då dei besøkte Brattvåg IL onsdag kveld. Her er keeperen sjanselaus i den første målscoringa.

Foto: Tore Ellingseter

For kampen var så vidt i gang igjen i andreomgangen før Hødd-spelar Pål Andre Helland la på til 2–0 i 52. minutt. Det gjekk ikkje meir enn fem minutt før heimelaget scora sitt første – og einaste – mål ved Calle Bjørk. Dermed var stillinga 2–1. Men det varte berre ei lita stund.

Scora like før slutt

For like før kampslutt klarte Hødd å kapre sitt tredje mål, då Ruben Kenneth Brandal scora. Tre minutt etterpå la Erik Sandal på, og dermed blei resultatet 4–1.

– Som forventa

Brattvåg-kaptein Richard Tomren er relativt fornøgd, trass tapet.

– Det blei vel omtrent som forventa. Lenge syns eg det fungerte bra, sjølv om vi slepper dei til, men noko anna hadde vore uråd mot eit lag som Hødd, seier Tomren.

Vil til Ullevål igjen

Hødd, som vann cupen i fjor, er sugen på ny oslotur.

Vi veit vegen, no, så no må vi berre setje oss i bilen og finne fram nøklane. I dag har vi fylt bensin og starta sørover, men vi har ein lang veg igjen, seier Helland.

Brattvåg IL måtte gå av banen som taparar.

Brattvåg IL måtte gå av banen som taparar, etter at Hødd vann 1-4.

Foto: Tore Ellingseter

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL