Oppgjeret mellom Hødd og AaFK søndag 2.april er avtalt for lenge sidan, men etterpå har AaFK booka inn ein kamp mot Tromsø 31.mars. Det er i strid med det Hødd og AaFK var samde om, seier Monsen.
Dei beste
I generalprøva blir det venta at begge laga stiller med dei beste spelarane sine. Det er det eit ope spørsmål om Aalesund kjem til å gjere mot Hødd når laget skal møte tippeligalaget Tromsø berre to dagar før. AaFK-trenar Per Joar Hansen vil ikkje kommentere kritikken frå Hødd. Han vil heller ikkje seie kvifor AaFk har valt å spele mot Tromsø to dagar før kampen mot Hødd.
Henrik Hoff (Foto: Gorm Kallestad/Scanpix
Dagleg leiar i AaFK, Henrik Hoff, seier at det er blitt litt mange kampar mot Hødd, og at trenarane ønskte også andre motstandarar. Derfor har AaFK avtalt å spele heimekamp mot Tromsø 31. mars, og dei skal greie å stille gode lag på begge kampane, seier Hoff.
Hødd skeptisk
Stig Monsen i Hødd har inga tru på at AaFK stiller med sitt beste mannskap i begge kampane, og det er det Hødd som får svi for, meiner han.