Ser enormt potensial etter råsterk bortesiger

Etter ein svært sterk 3-1-siger borte over Mjøndalen, ser Hødd-trenar Sindre Eid ingen grunn til at laget ikkje kan halde på minst den tabellplasseringa dei har. Per no er Hødd nummer tre i 1. divisjon.

Jesper Törnqvist

Hødd-kaptein Jesper Törnqvist scora det første målet då Hødd vann 3–1 borte mot Mjøndalen.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK
Laster innhold, vennligst vent..

– Vi har sagt at vi vil vere med å prege øvre del av tabellen. I mai er det åtte serie- og cupkampar, så det handlar om å nullstille og vere klare. Det skal vi vere, og det er ei fantastisk spelargruppe. Vi ønskjer meir, mykje meir, seier Hødd-trenar Eid til NRK.

Etter fem seriekampar står Hødd med tre sigrar, eitt tap og éin uavgjort. Utanom poengtapet i andre serierunde med 1–1 mot Tromsdalen, er Eid godt fornøgd.

– Vi burde tatt to poeng til der, men det tenkjer vi lite på no. Vi skal glede oss over prestasjonen og poenga mot Mjøndalen i kveld, før vi tenkjer Strømmen og skal førebu oss mot søndag i morgon, fortel Eid.

Søndag 4. mai spelar Hødd sin andre av i alt sju seriekampar i mai. Motstandar er Strømmen – som Kristiansund spelte 3–3 mot borte torsdag kveld.

Sindre Eid

Hødd-trenar Sindre Eid var fornøgd etter 3–1 borte mot Mjøndalen. No ser han fram til ny kamp søndag på Høddvoll mot Strømmen.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Ser framgang offensivt

Borte mot Mjøndalen opna Hødd til 0–1 etter sju minutt ved kaptein Jesper Törnqvist, før Alagie Sosseh utlikna til 1–1 i det 21. minutt.

Eirik Ulland Andersen scora 1–2 etter 31 minutt, medan Ole Amund Sveen la på til 1–3 på overtid i andre omgang.

– Det var ein sterk bortekamp av oss, der vi trefte godt med kampplanen. Eit nytt steg i rett retning, noko som er godt å sjå, seier Eid.

Trenaren fortel at tabell og førebels tredjeplass ikkje er i tankane.

– Den er som den er. Det viktigaste er at vi ser at laget er i utvikling og blir betre og betre. Det er vi opptekne av. Vi er flinke defensivt, noko vi tok med frå i fjor, og det sit etter kvart i relasjonane offensivt òg. Nye spelarar er med, og då blir totalen bra, konkluderer Sindre Eid.

– Vi vil halde fram med å vinne så mange fotballkampar som mogleg, så får vi telje opp til slutt. Men det er eit veldig potensial i mannskapet – det er det ikkje tvil om, avsluttar Hødd-trenaren.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste video/lyd

Dei tre siste åra har meir enn 450 alvorleg psykisk sjuke kome seg inn i arbeidslivet.
Dette skjer etter eit aktivt samarbeid mellom NAV og helsevesenet.
Ein ny forskingsrapport viser at pasientane blir friskare av å jobbe.
Ein rakett er kanskje det som skal til for å gjere skuleelevar interesserte i naturfag. 
Elevar på Gjermundnes i Vestnes har utvikla ein rakett som skal få barn og unge til å bli i fyr og flamme.
Nokre som er glade i å boltre seg på kjøkenet er elevane ved Borgund vidaregåande i Ålesund. Dei elskar å bake - og å smake.