NRK Meny

Hødd er snille som lam: Null kort gjennom heile NM

Hødd kan nå ein historisk cupfinale torsdag, og dei kan nå den utan at éin einaste spelar må stå over. Over fem cupkampar har ikkje Hødd fått eitt gult eller raudt kort.

Hødd-trenar Lars Arne Nilsen

Lars Arne Nilsen (t.v.) er fornøgd med både NM-semifinale og det faktum at ingen av spelarane må stå over i ein eventuell finale. – Då må det raude kort til, seier Nilsen til NRK.no.

Foto: Ness, Jan Kåre / NTB scanpix

Artikkelen er flere år gammel.

I Adeccoligaen har Hødd 31 gule og raude kort, fordelt på 16 spelarar. Ingen oppsiktsvekkjande statistikk, verken i negativ eller positiv retning.

Statistikken i NM, cupen, er derimot oppsiktsvekkjande:

Fem NM-kampar, mot Tornado Måløy, Arna-Bjørnar, Asker, Sarpsborg 08 og kvartfinale mot Haugesund. Over fem gonger 90 minutt, samt ekstraomgangar og straffekonkurranse, har Hødd ikkje eitt einaste gult eller raudt kort.

Sivert Heltne Nilsen

Sivert Heltne Nilsen er ein av sju Hødd-spelarar med to gule kort i serien. I cupen har verken han eller andre kort.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Dette er heilt utruleg

Det vil seie at Hødd går på banen torsdag, mot Brann på Høddvoll, utan ei overhengande frykt for å miste ein eventuell cupfinale.

– Det må vere litt tilfeldig at vi ikkje har eitt gult kort i cupen. Men i fjor i 1. divisjon var vi vel blant dei med færrast gule kort. Og så spelar vi god fotball. Spelestilen vår gjer at det blir mindre duellar, seier Sivert Heltne Nilsen.

21-åringen er midtbanespelar i Hødd, og er kjent for å gå hardt til. Både i taklingar og med munnen ...

– Det er heilt utruleg at eg ikkje har eitt einaste gult kort i cupen.

– Kvar gong vi har spelt cupkamp har eg tenkt «no får eg gult kort». Men eg har vore snill gut i år. Eg har faktisk berre to gule kort i serien i tillegg, gliser Heltne Nilsen.

Saka held fram under bildet.

Hødd jublar etter kvartfinale-avansement

Her jublar Ørjan Håskjold Nyland for siger mot Haugesund. Hødd-keeperen har fått sine kort i løpet av karrieren. Han er den einaste Hødd-spelaren som har raudt kort i årets Adeccoliga.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

Var oddsfavoritt

Verstingen så langt for blåtrøyene er Pål André Helland. Han har fire gule kort. Forsvarsspelarane Fredrik Klock og Akeem Latifu har tre gule kort kvar, medan sju Hødd-spelarar har to gule kort i Adceccoligaen.

– Det er ganske imponerande at vi ikkje har gule kort i NM. For min eigen del var eg ein av favorittane til å vere verstemann med gule og raude kort før årets sesong.

– På bettingsider på nettet?

– Ja. Men dette er fantastisk, for eg hatar å stå over kampar. Det er altfor kjekt å spele kampar!, seier Heltne Nilsen.

Pål Andre Helland

Pål André Helland er både toppscorar og kortversting i Hødd i årets sesong. Han har sju scoringar og fire gule kort.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

– Du verkar overraska over å ikkje ha kort. Er det fleire enn deg sjølv du hadde forventa gule kort på?

– Espen (Standal, journ. merkn.) brukar å få ein del. Og Pål André får kort. Det kan koke over for begge dei to, slik som for meg. Dei med temperament får ofte gule kort, humrar Heltne Nilsen.

– Vi har oppført oss fint

Trenar for Hødd, Lars Arne Nilsen, er svært fornøgd med cupsituasjonen.

– Vi er klare for den store kampen no. Moglegheita er der, og at vi går inn i kampen med null gule kort er ganske greitt. Det må altså raude kort til for karantene i ein eventuell finale, seier Nilsen til NRK.no.

– Men vi har oppført oss fint. Det er spesielt med ingen kort gjennom fem cupkampar, men ingenting er er betre.

Han er klar på at spelarar av og til må ta eit gult kort.

– Men akkurat det har ikkje vore nødvendig så langt i cupen. Eg håper vi slepp det på torsdag mot Brann òg.

Saka held fram under bildet.

Hødd

Forsvarar Steffen Moltu, her i aksjon mot Haugesund i kvartfinalen, står med to gule kort i serien. Midtstopparkollega Fredrik Klock har tre gule.

Foto: Jan Kåre Ness/Scanpix / NTB scanpix

Usikker på korleis Brann-sigeren søndag slår ut

I helga blei Hødd hakket for små borte mot 1. divisjonsleiar Start. Brann på si side vann 2–1 heime mot rival Rosenborg, etter to scoringar av 17-åringen Bård Finne.

– Det er vanskeleg å seie korleis det vil slå ut. Siger er alltid ei god opptakt, men bortekamp mot oss er ein ny kamp, seier trenar Nilsen.

Han er sjølv Brann-tilhengar, då han sjølv er stril.

– Du veit jo sjølv ein del om Brann. Er ikkje dei best når ingen forventar noko?

– Jau. Normalt skal Brann slå oss, men dei har alt å tape.

– Og eg trur ikkje dei gler seg på same måte som oss til denne kampen. Vi skal gjere absolutt alt for å nå finalen. Brann har alt presset på seg, avsluttar Hødd-trenaren.

Årets cupsemifinalar går onsdag og torsdag denne veka. Onsdag går kampen mellom Tromsø og Molde i Troms, medan Hødd tek imot Brann torsdag. Begge kampane går direkte på NRK.

Siste video/lyd

Mange geitebønder i landet vil ha den elektriske geiteklaven til Gjemnesbedrifta Nofence. Produksjonen pågår for fullt, men geiteklaven er enno ikkje godkjend. Gründerbedrifta treng beitesesongen 2017 for å gi Mattilsynet dokumentasjonen dei krev.
Dei fleste har meir enn nok med å SJÅ utfor kanten på den hundre meter høge Zakariasdammen i Tafjorden på Sunnmøre.
Men det finst folk som vil betale for å få seg ein luftig tur. Og frå neste veke av kan dei gjere akkurat dét...
Fiskesperra som skal redde den nasjonale lakseelva Driva, blir slakta av ekspertar på behandling av gyrosmitte. Miljødirektoratet er ansvarleg for prosjektet til seksti millionar kroner. Dei meiner det trengst berre små justeringar.