NRK Meny
Normal

Hødd-trenaren: – Ja, vi er gode nok til kvalik

Mjøndalen var fleire hakk kvassare enn Hødd på Høddvoll, men trenar Sindre Eid lèt ikkje det stygge 1-4-tapet knekke han.

Sindre Eid

Hødd-trenar Sindre Eid vil gjerne ha tre poeng mot Mjøndalen.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Laster innhold, vennligst vent..

– Akkurat no er det ein veldig skuffelse og ei tomheit, men vi har hatt ei veldig god periode. Både i kamp, på trening og resultatmessig har det sett bra ut. Det som skjedde i dag har eg ikkje noko god forklaring på, fortel Hødd-trenar Sindre Eid.

– Eg ser kva som skjer, men kvifor det skjer har eg ikkje forklaringa på, seier han vidare.

Det blei heile fire baklengsmål for Hødd mot Mjøndalen. Sanel Kapidzic sende bortelaget i føringa allereie etter fire minutt. Stian Rasch og Vamoiti Diomande la på til 0–2 og 0–3.

Robin Shroot reduserte for Hødd ti minutt ut i andre omgang, før Diomande fastsette sluttresultatet til stygge 1–4.

Tidlegare botnsolid Høddvoll har vore eit søkkande skip så langt i år. Hødd står med skuffande to sigrar, tre uavgjort og fire tap på heimebane.

Blant dei beste bortelaga

Om berre bortekampane hadde vore gjeldande hadde Hødd vore nummer fire i årets 1. divisjon.

– Vi er blant ligaens beste bortelag, men samstundes eitt av dei svakaste heimelaga. Det er veldig spesielt. Kvifor det har blitt slik veit vi ikkje, det ligg nok mykje mellom øyra, seier Eid til NRK.

– Kva må til for å snu den leie heimetrenden?

– Sist heimekamp mot Ull/Kisa var veldig bra, så vi trudde kanskje trendane var over. Men så var vi tilbake i dag. Vi må prate om det, jobbe med det og få trua på det. Og så må vi slutte å fokusere på om vi spelar heime eller borte, meiner Hødd-trenaren.

Neste kamp for Hødd er borte mot Ullensaker/Kisa, før Bærum gjestar Høddvoll om to veker.

Augnar framleis kvalik

– Det handlar alltid om neste kamp, no er det Ull/Kisa. Tre poeng der er vårt fokus, fortel Eid.

I augneblinken ligg Hødd på 9. plass med 23 poeng, fire opp til kvalikplass og fire poeng ned til direkte nedrykk.

– Er dagens Hødd godt nok til å ta ein kvalikplass?

– Ja, men ikkje slik som vi står fram i dag mot Mjøndalen. Men som vi har stått fram i det siste så er vi det.

– Er de ein nedrykkskandidat slik de står fram mot Mjøndalen?

– Spelar vi slike kampar over tid så er vi nedrykkskandidat, men vi har vore gode og må fokusere på det. Sjølv om vi fekk oss ein på trynet i dag, så har vi trua. Vi skal reise oss, slår Eid fast.

Med 13 kampar igjen vil ikkje Hødd-trenaren seie kor mange poeng han vil sjå inn, men han er tydeleg på éin ting:

– Vi ønskje rå kjempe om ein kvalikplass, og det er fullt mogleg enno. No har vi Ull/Kisa på søndag og Bærum i neste heimekamp. Det er to kampar vi skal jobbe steinhardt inn mot og forhåpentlegvis få med oss seks poeng frå, avsluttar Sindre Eid.

Kristiansund spelar måndag kveld borte mot Fredrikstad klokka 19.00.

Laster innhold, vennligst vent..